Nyheitsbrev om plan juni 2022

Foto: Sveinung Parr Dimmen.

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for juni.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2022

Samarbeidsprosjekt skal auke kunnskapen om klimatilpassing

Eit samarbeidsprosjekt i Møre og Romsdal er løyvd 390.000 kroner frå Miljødirektoratet. Midlane går til å auke kunnskapen om klimatilpassing. Tre ulike kulturmiljø i fylket er plukka ut til å inngå i prosjektet - kvar med sine respektive klimautfordringar:

  • Det tette trehusmiljøet på Surnadalsøra i Surnadal kommune
  • Setermiljø i Ørsta kommune
  • Kystmiljø i Hustadvika kommune

Prosjektet vil kunne bidra til erfaringsutveksling og å utvikle ein arbeidsmetode og praksis for korleis ein best kan jobbe med kulturmiljø og klimatilpassing - også til nytte for andre kommunar og fylke.

Kartlegging av geologiske ressursar

Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges geologiske undersøkelse (NGU) har inngått ein samarbeidsavtale om kartlegging av dei geologiske ressursane i fylket. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok i mars at Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges geologiske undersøkelse (NGU) skulle starte eit treårig prosjekt for å oppdatere kunnskapen om geologi og mineral i Møre og Romsdal. Kartlegginga av ressurspotensialet i fylket skal legge grunnlaget for mogleg næringsutvikling i framtida.

Vi må bygge gode nabolag for å skape attraktive stader

Å bygge gode nabolag og utvikle nye bustadløysingar er viktig for å skape god folkehelse – og attraktive stadar. Men korleis gjer vi det? Og kven har ansvaret for at nabolaga blir gode? Les kronikken til Ingvild Gjerdset og Grete Kongshaug i fylkeskommunen.

Nytt kartlag i Naturbase

Det har kome eit nytt kartlag i Naturbase som kan vere nyttig å vite om. Laget heiter KU-verdi og skal vere til hjelp for tydelegare tolking av kartleggingar. Kartlaget er oppdatert for NiN-kartleggingar og utvalde naturtypar. Laget er også tilgjengeleg i kartverktøyet GisLink.

Kommunal planlegging er viktig for å nå klimamåla

AS Civitas har på oppdrag fra Kommunal- og distriktsdepartementet utarbeidd ein rapport om verktøy for reduksjon av klimagassutslepp i planlegging etter plan- og bygningslova.

Kurs i konsekvensutgreiingar

Kommunesektorens organisasjon (KS) tilbyr, saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, eit digitalt kurs om konsekvensutgreiingar. Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) står for den praktiske gjennomføringa og kurset er utarbeidd i samarbeid med Kommunal- og distrikts­departe­mentet. 

Kurset går over to dagar - 24.08 og 1.09 - begge dagane klokka 9-12. Påmelding via fylkeskommunen sine nettsider.

Støttar utviklingsprosjekt i fem kommunar

Kultur,- næring- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen har tildelt 2,4 mill. kroner til ulike utviklingsprosjekt i Hustadvika, Averøy, Sykkylven, Ørsta og Stranda.

Tiltaka er:

  • Detaljprosjektering av torg i Elnesvågen
  • Plangrunnlag, medverknad, planlegging tursti, desigmanual og popup-park i Averøy
  • Historisk park på Auremarka i Sykkylven
  • Utformingsplan for Ørsta sentrum
  • Tettstadutvikling og berekraftig omstilling i Geiranger

Ny søknadsfrist  - fylkeskommunen lyser ut tettstadmidlar med om lag 3,6 millionar kroner i potten

Midlar til berekraftig tettstadutvikling skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport.

Kommunane kan få tilskot på inntil 50% av totalkostnaden til utgreiingar og planlegging, mellom anna stadanalysar, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av fysiske tiltak. Til opparbeiding av fysiske tiltak kan ein få tilskot på inntil 33% av totalkostnaden. Søknadsfristen er 1. oktober 2022.

Seminar om naturrekneskap

Seminaret «Naturregnskap i Norge – fra forskning og utvikling til bruk i forvaltningen», vart arrangert av Klima- og miljødepartementet og Statistisk sentralbyrå 9. juni. Du kan sjå innlegga i opptak. Det har vore mykje forsking, metodeutvikling og uttesting knytt til naturrekneskap dei siste åra. Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for naturforskning (NINA) deltek i EU HORIZON 2020 prosjektet MAIA – Mapping and Assessment for Integrated Ecosystem Accounting - som har tatt sikte på å teste naturrekneskapet i praksis i medlemsstatar i EU og Noreg. Resultata frå dette arbeidet og andre forskings- og utprøvingsprosjekt vil danne eit viktig grunnlag for implementering av naturrekneskapet som eit forvaltningsverktøy i Noreg.

Rettleiar for behandling av dispensasjonssaker

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i samråd med Møre og Romsdal fylkeskommune og regionale statsetatar utarbeidd ein rettleiar for behandling av dispensasjonar etter kapittel 19 i plan- og bygningslova.

Statsforvaltaren med nye podkastar: Jordvern og Leve heile livet

Skal vi bygge ny veg eller ny bustad? Eller bør vi ta vare på matjorda som ligg der vi vil bygge? Jordvernet i Noreg tar vare på dyrka mark. Men kvifor er jordvern så viktig? Og kven er det som bestemmer kva vi bruker jorda vår til? Lytt til podkasten her.

Korleis skapar vi eit aldersvennleg Møre og Romsdal? I denne episoden av "For folk og natur" snakkar vi om reforma "Leve heile livet" som skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger. Dei skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei har behov for det. Vi får høyre om 300-metersbyen i Ulstein og om samtalar med 75-åringar i Molde. Oppdatert nyheitsinfo frå satsinga Leve heile livet finn du på denne nettsida.

Verdiskaping i landbruket

Norsk instit  utt for bioøkonomi har utført verdiskapingsberekningar for jordbruket i Møre og Romsdal. I tillegg er det berekna verdiskaping frå landbruksbaserte tilleggsnæringar, skogbruk og landbruksbasert industri. Det er også gjort ein analyse av ringverknader av landbruket i Møre og Romsdal. Verdiskaping frå jordbruket i Møre og Romsdal rekna som bruttoprodukt, er berekna til 1 025 mill. kr i 2020. Det er 49 mill. kr mindre enn det som vart berekna for 2010 (målt i 2020 kr.). Av den totale verdiskapinga frå jordbruket i Møre og Romsdal, kjem 36 % frå kommunane Hustadvika, Surnadal, Molde og Volda. Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 2 292 årsverk.

Høyringsutkast til Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader 2023 – 2026 vedtatt – oppfølging med høyringsmøte

På møte 09. juni gjorde fylkesutvalet følgjande samrøystes vedtak i sak U-78/22:

  • Fylkesutvalet godkjenner høyringsutkast til Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader i Møre og Romsdal 2023 – 2026 slik den er lagt fram.
  • Fylkesutvalet sender høyringsutkast til Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader i Møre og Romsdal 2023 – 2026 på høyring frå 15. juni til 14. oktober 2022.

Tysdag 30. og onsdag 31. august kl. 09.00 til 11.00 inviterer vi plannettverka til høyringsmøte om strategien på Teams: Nordmøre og Romsdal tysdag 30. august, Sunnmøre onsdag 31. august. Sett av ein av datoane i kalenderen – invitasjon kjem.  

Kurs i klimagassar frå landbruket

Statsforvaltaren har i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) arrangert kurs med tema klimagassar frå landbruket. Du finn foredraga på Statsforvaltaren sine heimesider.

Nytt frå Distriktssenteret:

  • Bærekraft i distriktskommuner: Distriktssenteret har undersøkt korleis innbyggarar i distriktskommunar forstår berekraft, korleis distriktskommunar arbeider med berekraftig samfunnsutvikling og kva som fremmar og hemmar arbeidet.
  • Distriktskommune 3.0. Bedre samfunnsutvikling gjennom forenkling av kommuneplanleggingen i de minste kommunene: I prosjektet Distriktskommune 3.0 er det identifisert ei rekke tiltak for forbetring av kommuneplanlegginga. Tiltaka kan ha overføringsverdi til både småkommunar og større kommunar. Denne delrapporten beskriv funn frå første del av prosjektet.
  • Samfunnsplanlegging i distriktskommuner: Distriktssenteret har henta erfaringar frå 7 distriktskommunar om korleis dei har planlagt og gjennomført prosessen med å lage kommuneplanens samfunnsdel. Denne rapporten er til inspirasjon for andre distriktskommunar, og inneheld gode råd til både kommunane, regionale og nasjonale myndigheiter.

Kommunestatistikken

Kommunestatistikken blir no oppdatert og ny versjon blir lansert mot slutten av veke 26. Det er temaa demografi/befolkningsutvikling, pendling og sysselsetting/næring som blir oppdaterte. De finn kommunestatistikken på fylkeskommunen si heimeside.

Ny kartløysing

Fylkeskommunen har utvikla ei kartløysing som viser arbeidspendlinga på grunnkretsnivå i Møre og Romsdal. Løysinga koplar med andre ord bustadadressa og arbeidsstadadressa til sysselsette i Møre og Romsdal. Det gjer det mogleg å hente ut data på pendlinga mellom grunnkretsane i fylket. Dette gir ein unik moglegheit til å sjå pendlingsstraumane innan den enkelte kommune og i fylket som heile. Gi oss gjerne tilbakemelding på e-post statistikk@mrfylke.no  om du meiner noko er feil, eller om du har forslag som kan utbetre kartløysinga.

Kartløysinga blir publisert på fylket sine heimesider i månadsskiftet juni/juli.

Kartlegging av naturtypar i 2022

I 2022 skal delar av Hustadvika, Molde, Sunndal og Kristiansund kommunar kartleggast for viktige naturtypar. I tillegg vil det bli gjort naturtypekartlegging i utvalde naturvernområde i fylket. Kartlegginga er ein del av kunnskapsløftet for natur som blei vedteke av Stortinget i 2015, og er ei langsiktig, nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur. Kartlegginga vil bli utført på oppdrag frå Miljødirektoratet i løpet av perioden mai til oktober 2022. Du kan sjå kva område som skal kartleggjast på denne nettsida: NiN Offentlig Visning (arcgis.com). Resultata frå kartlegginga vil bli tilgjengeleg i Naturbase våren 2023.

Korleis ta omsyn til vassmengder i arealplanlegginga?

NVE har laga ein rettleiar for å støtte kommunane med å førebygge skade frå overvatn gjennom arealplanlegginga. Rettleiaren omtalar overvatn og prosessar knytt til overvatn, og korleis fare frå overvatn kan kartleggast. Rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar finn du på NVE sine nettsider.

Kantvegetasjon langs vassdrag

Ny informasjon om kantvegetasjon langs vassdrag er lagt ut på heimesida til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren er myndigheit etter vassressurslova § 11 og kan i særlege tilfelle gje løyve til å fråvike kravet om å oppretthalde kantvegetasjon. Det er utarbeidd eige søknadsskjema for dette.

Regional plankonferanse og klimasnukonferanse 24. – 25. oktober

Klimaomstilling handlar i stor grad om planlegging, både for å utvikle byar og tettstadar i ønska retning, og for å ta vare på naturen. I klimaarbeidet står samhandling heilt sentralt. I år slår vi derfor saman Regional plankonferanse og klimakonferansen til ei felles fagsamling over to dagar.

  • Dag 1 vil første rekke vere retta mot dei som arbeider med plan- og byggesaker i kommunane. Her vil berekraft vere ein raud tråd gjennom heile dagen. Program kjem etter sommaren.
  • Dag 2 er retta mot dei som arbeider med plan- og byggesaker og alle nivå og segment innan kommunal forvaltning. Her vil den raude tråden vere klima- og naturkrisa sett i samanheng.

Påmelding via Statsforvaltaren sine heimesider.

Nytt frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD)

KDD har på sine nettsider lagt ut oppdaterte artiklar og informasjon knytt til fleire plantema/-område:

Plannytt frå KDD 2022 – nyheitsbrev om plan etter plan- og bygningslova

Gjennomførte arrangement:

Konferanser, seminarer og andre arrangementer om planlegging 2019 - 2021