Vart einige om Orrenlia hyttefelt
– Meklinga har ført fram, og Statsforvaltaren og Surnadal kommune har blitt einige om endringar i planforslaget for Orrenlia hyttefelt, seier statsforvaltar Else-May Botten.
I meklinga i dag klarte dei to partane å finne endringar som gjorde at Statsforvaltaren kan trekke sine motsegner i saka.
Hyttefelt i konflikt med natur og friluftsliv
Surnadal kommune har laga eit forslag til å detaljregulere Orrenlia hyttefelt. Her legg dei til rette for eit nytt hyttefelt med gangtilkomst, parkering og naust i Orrenlia i Nordmarka. Planområdet er om lag 487 dekar stort.
Kommunen har regulert 35 nye hytter inn i området, i tillegg til åtte eksisterande eldre hytter.
– Store delar av planforslaget om ny fritidsbusetnad er ikkje i samsvar med den overordna kommuneplanen. Og delar av utbygginga kjem i konflikt med nasjonale mål for naturmangfald, friluftsliv og strandsone langs vassdrag, sa statsforvaltar Else-May Botten før meklinga.
Motsegna frå Statsforvaltaren handla både om naustområda, hyttetomtene og manglande avklaringar knytt til infrastruktur som vatn, el-kabel og veg til hyttene.
Gitt og fått
– I meklinga i dag har begge partar gitt og fått, nokre hyttetomter blir det ikkje noka av, medan andre tomter får bli. Storleiken på naust er redusert og alle naust er samla i eitt område, fortel statsforvaltaren.
Ho seier at det også er semje om å ta inn føresegn som sikrar byggeforbod i myrområde mot vest og område med slåttemyr. Det er dessutan sett krav til at eventuelle grøfter for straumkablar ikkje skal drenere myr.
Vidare framdrift
Kommunen skal no gjere endringar i plankartet og i føresegn, og så sende dette over til Statsforvaltaren som då formelt kan trekke sine motsegner til planforslaget. Surnadal kommune legg saka fram for kommunestyret før jul for endeleg vedtak.
– Det er fint når vi kan snakke saman og finne gode løysningar i lag, seier statsforvaltaren.