Avfallsanlegget i Sunndal må gjennom ny planprosess
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal opphevar planendringa som skulle legge til rette for ReMidt sitt avfallsanlegg i Sunndal.
Sunndal kommune har gjennom fleire reguleringsplanar opna for industri- og forretningsverksemd på Håsøran, like vest for Sunndal sentrum. ReMidt IKS planlegg å etablere eit nytt avfallsanlegg i dette området, på ei tomt som blei regulert i 2021.
Endring av reguleringsplanen etter forenkla prosess
Bruksformålet renovasjon er ikkje definert som industri etter plan- og bygningslova. Kommunen sette difor i gang ein prosess for å endre reguleringsplanen til også å omfatte renovasjon.
– Reglane for endring av reguleringsplanar krev i utgangspunktet ein ny og fullverdig reguleringsplanprosess. Sunndal kommune valde ein forenkla endringsprosess, der det er eit krav at endringane ikkje går utover hovudrammene i den opphavlege reguleringsplanen, seier fagleiar hos Statsforvaltaren, Andreas Welle Rusten.
Klaga blir tatt til følgje
Fleire naboar til planområdet har klaga på at det blir lagt til rette for avfallsanlegg på tomta.
– Utgangspunktet er at både tomta og eit større område rundt på Håsøran skal brukast til industriverksemd. Frå før er det etablert fleire ulike verksemder i området, mellom anna byggvareforhandlarar, bilopphoggeri, bygg- og anleggsfirma, og dagens gjenvinningsstasjon. Statsforvaltaren ser difor ikkje vekk frå at endå eit renovasjonsanlegg kan etablerast på tomta, seier Welle Rusten.
Samtidig peiker Statsforvaltaren på at det er viktig at kommunen tydeleg avklarar kva type renovasjonsanlegg som kan etablerast her og kvifor anlegget er eigna på staden.
– Reguleringsplanen byggjer frå før på ein føresetnad om at industri- og forretningsdrift ikkje skal vere til sjenanse for omgivnadane. I behandlinga av klagesaka har vi sakna konkrete utgreiingar om kva type anlegg kommunen vil legge til rette for, og juridiske føresegner som set føreseielege rammer for verksemda. I denne omgang kan vi difor ikkje stadfeste at planendringa kan gjerast gjennom ein forenkla prosess, avsluttar Welle Rusten.