Avslag på søknad om bustad i strandsona
Fylkesmannen i Møre og Romsdal endra kommunens vedtak, og avslo ein dispensasjonssøknad om oppføring av bustad ved Brunsvikbukta i Kristiansund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kristiansund kommune gav i februar 2019 dispensasjon og rammeløyve til oppføring av ein bustad m.m. i Storskarven ved Brunsvikbukta. Bustaden var ønskt oppført i eit bustadområde ved sjøen, delvis på ei fylling som tidlegare har vore opparbeidd utan løyve. Kommunens vedtak blei klaga på av tilgrensande naboeigedomar.
Byggeforbod langs sjøen
Generelt gjeld det etter plan- og bygningslova eit byggeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. Kristiansund kommune har i kommuneplanens arealdel vedteke ei særskilt byggegrense, som i det aktuelle området følgjer i bakkant av Storskarven 52 – 60.
Fylkesmannen kom til at vilkåra for dispensere frå byggegrensa ikkje var oppfylte. Vi viste til at kommunen ved fastsetting av byggegrensa i 2017 hadde gjort konkrete vurderingar av kvar byggegrensa skulle gå. Kommunen var i denne prosessen klar over at eigedomane ved sjøen var utlagt til utbyggingsformål, og ønskte å hindre ytterlegare nedbygging gjennom vedtaket av byggegrensa. Dersom kommunen skal opne for utbygging av området i framtida, var kommunens syn i planprosessen at det berre kunne skje gjennom ei endring av kommuneplanens arealdel eller gjennom vedtak av ein reguleringsplan.