Endringar i plan- og bygningslova grunna flyktningar frå Ukraina
Regelverket for byggesaksbehandling er forenkla for å bidra til at flyktningar frå Ukraina skal få naudsynte bu- og opplæringstilbod i norske kommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppføring av nye bygg og bruksendring av eksisterande bygg skal vurderast av kommunen gjennom byggesøknad. Grunna krigen i Ukraina har Stortinget vedteke mellombelse unntak frå regelverket. Endringane gjeld i første omgang fram til 1. juli 2023
Unntak frå søknadsplikta
I plan- og bygningslova er det føresegnene i § 20-9 og § 20-10 som er nye. I § 20-9 opnar lova for at kommunen kan gjere unntak frå søknadsplikta for visse byggetiltak knytt til bustadtilbod, skular og barnehagar, omsorgssenter og innkvartering av asylsøkarar. Tiltaka kan gjennomførast utan å vere i samsvar med den einskilde kommunes gjeldande arealplanar.
Vilkår for unntak
Vilkåra for dei mellombelse endringane er skrive ned i § 20-9, og handlar mellom anna om tryggleik og at bygginga ikkje skal gå ut over kultur, miljø og dyrkbar jord. Sakshandsamingsreglane er fastsett i § 20-10, medan den gjeldande forskrifta på området er Midlertidig forskrift om unntak frå plan- og bygningsloven for å håndtere høye ankomster av fordrevne fra Ukraina.
Les meir aktuell informasjon på regjeringa sine sider ...
Sjå Statsforvaltaren i Innlandet sin presentasjon i samband med endringane ... Presentasjonen gir god rettleiing.
Ta kontakt om de treng ytterlegare rettleiing på området.