Godkjenner plan for utbygging nær Ørsta sentrum

Fleire klaga på at Ørsta kommune vil legge til rette for å bygge fleire bustader på Fremre Mo, nær sentrum. No har Statsforvaltaren godkjent planen.
Ørsta kommunestyre vedtok områdereguleringsplanen for Fremre Mo del 1 i desember 2024. Bustadfeltet har vore under planlegging sidan 2015. Då vart arealet avsett til framtidig bustadbygging i gjeldande kommunedelplan, ved å utvide det eksisterande bustadområdet på Øvremo.
Klaga på tap av jordbruksjord
– Både grunneigarar og landbruksorganisasjonar har vore sterkt imot planane og klaga på kommunestyrets vedtak. Tap av jordbruksjord, dårlegare driftsvilkår og at planvedtaket blir gjort i strid med gjeldande jordbruksstrategiar, har vore hovudårsaker bak klagene, fortel seniorrådgivar Therese Småland hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no avgjort klaga på planvedtaket, og har stadfesta kommunestyrets vedtak.
Vedtak på saklege omsyn
– Vi er samd med klagarane i at planen ikkje fullt ut tek inn over seg dei nyaste styringssignala og strategiane knytt til jordvern. Omsynet til jordvern har vore tydeleg innskjerpa dei siste åra. I denne saka blei likevel arealbruken overordna sett avklart ved vedtaket av kommunedelplanen i 2015. Oppstart av områdeplanen vart formelt starta i 2017, med dei styringssignala som då gjaldt knytt til nedbygging av jordbruksjord, seier Småland.
Ho fortel at omsynet til jordvern i denne saka er sett opp mot ønsket om samfunnsutvikling i kommunen.
– For kommunen har det vore viktig å sikre nok areal til bustadbygging i eit relativt sentrumsnært område. Det er ei lokalpolitisk prioritering å følgje opp signala frå 2015 med å leggje til rette for å etablere gode og attraktive bustadområde. Areala i Fremre Mo del 1 inneber heller ikkje nedbygging av dei mest samanhengande jordbruksareala i området, seier Småland.
Statsforvaltaren sin konklusjon er at planvedtaket byggjer på saklege omsyn og er gjort på eit tilstrekkeleg opplyst faktagrunnlag.