Huseigarar på Sæbø må måle husa på nytt

Foto: Ragnhild Gjelsvik Varmo, Ørsta kommune

Statsforvalteren konkluderer med at vilkåra for å gje dispensasjon frå føresegnene om fargeval i reguleringsplanen ikkje er oppfylt.

Publisert 01.10.2024

Fleire huseigarar i Øyragata 42 har måla husa sine på Sæbø Brygge i grøne og mørke fargar. Dette er ikkje i samsvar med føresegner i reguleringsplanen for området som viser til at den primære fargen på husa skal være kvit/lys. Politikarane i Ørsta gav dispensasjon i saka, men Møre og Romsdal fylkeskommune klaga på dette. Saka har no fått ein endeleg konklusjon og tre av dei fem bygga må målast om.

Tydeleg reguleringsplan

Reguleringsplanen sin ordlyd om at det skal nyttast kvit/lys farge på byggverka innanfor planområdet er svært tydeleg. Skal ein kunne godkjenne andre fargar, er det naudsynt med dispensasjon frå desse føresegnene.

- Det kan sikkert synest som ein enkel sak å godkjenne anna måling, men når ein kommune regulerer i detaljar korleis bygg i eit område skal oppførast og sjåast ut, er det ofte gjennomtenkt. Målet er å tilpasse nye bygg til eit beståande miljø på staden. Dette gjeld i stor grad for Sæbø som er karakterisert som eit viktig kulturminne lokalt. Sæbø brygge er ei bygningsrekkje som er svært synleg, både frå sjø- og landsida, også for turistar som besøker staden og Hjørundfjorden, seier seniorrådgivar Therese Småland.

Arkitektoniske grep

I samband med arbeidet med reguleringsplanen var mellom anna utforming, storleik, plassering og fargeval ein sentral del av høyringsrunden. Det vart utarbeidd vedlegg til plana om arkitektoniske grep for å sikre at bygga i størst mogeleg grad harmonerer med dei omkringliggande miljøa. Når kommunen gjennom ein nyleg vedteken reguleringsplan har tatt uttrykkeleg stilling til korleis eit område skal nyttast og sjå ut, er terskelen høg for å kunne gje dispensasjon.

- Fargane er i strid med planen sine tydelege krav om kvit/lyse fargar. Dei rettslege vilkåra for dispensasjon er difor ikkje oppfylt og fargane må endrast, avsluttar Småland.