Planen for vannbehandlingsanlegg og råvannspumpestasjon ved Brusdalsvatnet er godkjent
Både naboar og eigarar av næringseigedomar klaga på Ålesund kommune sin plan for Fremmerholen. Statsforvaltaren konkluderer med at kommunen følger lova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ålesund kommune vart tilbake i 2016 pålagt av Mattilsynet å etablere eit behandlingsanlegg for reservevatn. Reguleringsplanen som Aspal Viak har utarbeidd for Ålesund kommune har som mål å etablere dette anlegget saman med ein ny pumpestasjon for råvatn. Kommunen har samstundes inkludert areal til å lage ein gang- og sykkelveg langs Brusdalsvegen og fortau langs Rødsetvegen i planen. For å få dette til, må kommunen ekspropriere deler av areala til tre ulike næringseigedomar. Eigarane av eigedomane vert då fråteken deler av sin grunneigedom mot erstatning.
Klaga på val av plassering og ekspropriasjon
Naboane har i hovudsak klaga på plasseringa av pumpestasjonen for råvatn nede ved Brusdalsvatnet. Kommunen har vurdert totalt fem ulike plasseringsalternativ og landa på det alternativet som kom best ut, mellom anna gjennom konsekvensutgreiing.
– Naboane meiner at denne plasseringa gir dei store ulemper. Dei er ueinig i at den valde plasseringa er den beste, forklarer seniorrådgivar Therese Småland hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Eigarane av næringstomtene har klaga på at dei må avstå grunn som følgje av planen. Dei meiner at dette får store konsekvensar for drifta deira.
Planvedtaket vart stadfesta
– Når Statsforvaltaren handsamar klager på reguleringsplanar, skal vi sjå til at kommunens si avgjerd i saka byggjer på relevante planfaglege og forvaltningsmessige krav. I tillegg ser vi på om vedtaket er gjort på eit tilstrekkeleg opplyst grunnlag, og ikkje lir av sakshandsamingsfeil, forklarer Småland.
Ho seier at det er det er opp til kommunestyret, som øvste plan- og arealbruksmynde, å avgjere korleis kommunen ynskjer å nytte eigne areal.
– I denne saka konkluderer vi med at kommunen har gjort ei grundig vurdering av dei ulike fordelane og ulempene som planen fører med seg. Dei har følgd dei sakshandsamingsreglane som plan- og bygningslova set.
– Når det gjeld ekspropriasjon, konkluderer vi også med at planvedtaket er i samsvar med lovverket sine krav til grunngjeving og saksopplysning. Det er elles skjønnsretten som i ein etterfølgjande prosess skal ta stilling til sjølve ekspropriasjonen. Planvedtaket var difor stadfesta, avsluttar Småland.