Retiro-dokumenta kan førebels haldast internt i Molde kommune

Molde kommune avslo eit innsynskrav i interne, førebuande dokument til plansaka på Retiro. Statsforvaltaren stadfestar avslaget i denne omgang. 

Publisert 05.06.2026

Norcounsult sitt reguleringsplanarbeid på Retiro på vegner av Molde fotballklubb (MFK) skal legge til rette for eit nytt treningsanlegg for MFK, samtidig som det skal avklarast korleis Retiroparken skal ivaretakast og vidareutviklast. 

Interne vurderingar kan haldast internt  

I den heilt tidlege fasen av planarbeidet hadde Norconsult, MFK og Molde kommune eit oppstartsmøte. Dette er eit formelt møte som skal haldast etter reglane i plan- og bygningslova. Her drøftar ein målet med planarbeidet, om kommunen vil setje i gang arbeidet, og kva utgreiingar som må gjerast vidare.

– I etterkant av oppstartsmøtet utarbeidde fleire interne avdelingar i kommunen innspel til plansaka. Det er desse interne innspela kommunen har avslått innsyn i, og som vi no stadfestar at kommunen kan halde internt, iallfall førebels, seier fagleiar for justis hos Statsforvaltaren, Andreas Welle Rusten.  

Tidleg fase er avgjerande for konklusjonen

Det avgjerande i Statsforvaltaren sin vurdering har vore at plansaka er i oppstartsfasen. 

– Vi er godt kjent med at saka vekker stort engasjement, og at det å ha ei open forvaltning i slike saker er viktig. Samtidig er saka i ein svært tidleg fase, der Molde kommune som planmynde må ha rom for å kunne gjere interne vurderingar. Dette ligg i kjernen av offentleglova si føresegn om å halde organinterne dokument unna offentlegheita, iallfall for ein mellombels periode til planarbeidet har kome lengre. For å få til ein god og demokratisk planprosess samla sett, kan det vere avgjerande at interne vurderingar nettopp blir halde internt i ein tidleg fase, avsluttar Rusten.