Statistikk 2019
Fylkesmannen har utarbeidd statistikk over klagesakene som blei handsama i 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Byggesaker
I 2019 handsama vi 134 klager på byggesaker. Vi gav medhald i 41 av klagene, noko som svarar til ca. 31 %. Med «medhald» meiner vi at klaga er tatt til følgje slik at vedtaket enten er omgjort eller oppheva. I 69 % av sakene har vi stadfesta kommunens vedtak.
Vi handsama 79 av 134 saker innan 12-vekersfristen. Dette svarar til 59 % av sakene. Dermed var det 55 saker som gjekk over tida, med gjennomsnittleg fristoverskriding på 15 dagar.
Reguleringssaker
Totalt handsama vi 24 klager på reguleringssaker i 2019. Vi gav medhald i éi av klagene.
Den gjennomsnittlege handsamingstida vår var 89 dagar. Vi handsama 10 av sakene innan 12-vekersfristen, noko som svarar til ca. 42 %. Den gjennomsnittlege fristoverskridinga på dei resterande 14 sakene var 15 dagar.
Andre sakstypar
Av andre sakstypar nemner vi at vi har handsama éi klage på kommunalt ekspropriasjonsvedtak. Fylkesmannen stadfesta kommunens vedtak.
Vi har handsama 9 saker om utsett iverksetting, der vi gav medhald i to av krava. Vi har motteke tre omgjeringskrav, men ingen av krava blei tatt til følgje.
Fylkesmannen har innvilga krav om sakskostnadar i 8 av 8 saker der kravet er reist etter at saka blei endeleg avgjort av oss. Eitt av desse vedtaka blei klaga på utan at klaga blei tatt til følgje.