Statsforvaltaren stadfestar reguleringsplanen for Alvika massedeponi i Ålesund

Formålet med reguleringsplanen har vore å legg til rette for eit massedeponi på totalt 60 daa, der det snart kan deponerast reine massar frå anleggs- og utbyggingsområde i Ålesund og omegn.
I samband med planarbeidet kom det mange innspel knytt til negative verknader som plasseringa av massedeponiet vil ha i Alvika. Klagepunkta Statsforvaltaren har tatt stilling til var i hovudsak knytt til omsynet til naturmangfaldet både på land og i fjorden, og trafikktryggleiken i Alvika-området.
Manglande konsekvensutgreiing av planen
Gjennom arbeidet med klagesaka fant Statsforvaltaren at planområdet ikkje er konsekvensutgreidd slik plan- og bygningslova krev.
- Denne reguleringsplanen bygger i praksis på politiske avgjerdseler tilbake til 2008 om Alvika som ein mogeleg plassering av eit massedeponi. Kommunen har kartlagt ulike alternativ for plassering av eit slikt anlegg i tidlegare planarbeid, og kome til at Alvika er den best eigna staden, forklarer seniorrådgjevar Therese Småland hjå Statsforvalteren i Møre og Romsdal.
- Det er også gjennomført mange utgreiingar av planområdet, knytt til naturmangfald, landskapsverknader, skredfare, trafikkvurdering, og for forhold i sjølve deponiet. Ei fullverdig konsekvensutgreiing hadde difor etter vår vurdering ikkje tilført saka avgjerande ny kunnskap, og vi konkluderte difor med at vedtaket likevel er gyldig på dette punktet.
Stor samfunnsnytte
I planvedtaket har Ålesund kommune lagt avgjerande vekt på den store samfunnsnytten eit slikt deponi har for kommunen. Kommunestyret kom til at dette omsynet må vege tyngre enn omsynet til dei negative følgjene eit massedeponi får for naturmangfaldet, bumiljø og trafikk og støy i Alvika.
- Etter ein gjennomgang av saka fant vi at Ålesund kommune har gjort ei grundig vurdering av arealbruken og dei klagepunkt som kom opp. Det ligg ikkje føre sakshandsamingsfeil som har påverka saksutfallet og vedtaket er gjort på eit tilstrekkeleg opplyst grunnlag. Planvedtaket kunne difor stadfestast, avsluttar Småland.