Sjekkliste for samfunnstryggleik
Statsforvaltaren har utarbeidd ei sjekkliste som kan tene som utgangspunkt for å identifisere moglege uønskte hendingar i arealplansaker. Sjekklista er oppdatert i april 2025. Planleggar/planmynde må i kvart tilfelle vurdere om bruk av sjekklista er føremålstenleg.
Sjekklista er ikkje i seg sjølv ein ROS-analyse, men kan tene som utgangspunkt for å identifisere moglege uønskte hendingar i arealplansaker. Tiltakshavar må gjere sjølvstendige vurderingar for å kvittere ut spørsmåla i sjekklista. Dersom de er usikre på om det føreligg risiko, skal de hente inn fagkyndig vurdering. Alle står fritt til å tilpasse sjekklista til eige behov.
Vurdere konsekvensar av klimaendringar
Klimaendringane vil påverke framtidig risiko og sårbarheit. Sjekklista omfattar sjekkpunkt relevant for klimatilpassing. Klimatilpassingsdelen i «Statlege planretningsliner for klima og energi» ligg til grunn for val av desse sjekkpunkta.
Dokumentasjon av risiko og sårbarheit
Utfylt sjekkliste kan danne eit dokumentasjonsgrunnlag i plansaker der det gjennom sjekklista ikkje er identifisert moglege uønskte hendingar i planområdet. Eit krav er at kjelder, føresetnadar og resonnement bak konklusjonane om tilstrekkeleg tryggleik er dokumenterte og etterprøvbare.
Dersom sjekklista identifiserer moglege uønskte hendingar skal tiltakshavar gjennomføre ROS-vurderingar for dei identifiserte hendingane. Vi viser til DSB sin rettleiar «Samfunnstryggleik i kommunen si arealplanlegging». Hugs å avklare reell risiko seinast på siste plannivå.
Sjekklista kan nyttast som utgangspunkt for å identifisere moglege uønskte hendingar i dispensasjons- og byggesaker, jf. pbl. § 28-1.
Sjekklista er ikkje fullstendig utfylt før den er datert og signert av den som går gjennom sjekklista.
Kontaktpersonar
-
Renate Frøyen
Tlf: 71 25 84 15