NVE varslar om reduksjon til gult farenivå for Veslemannen

Grunna ei utvikling med mindre rørsler har NVE redusert farenivået for Veslemannen til gult.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.07.2019

På grunn av steinsprangaktivitet og auka rørsle blei farenivået heva til rødt fredag 19. juli. I etterkant har det vore fleire periodar med relativt store ras og hyppige steinsprang. Etter auka rørsle og mange steinsprang i samband med nedbøren i går kveld har rørslene igjen avtatt. Døgnhastigheitene er nå på 3-8 cm/døgn i midtre og øvre del og 1,5 cm/døgn i nedre del. Nokon mindre parti har høgare hastigheiter. Værvarsla indikerar varmt og tørt vær resten av veka.

På bakgrunn av nedgåande trend i rørslene vert farenivået sett ned til gult.

Ved gult farenivå publiserar NVE ein dagleg rapport ca kl 09.00 på:

Dagsrapportane finn du på:
www.varsom.no/fjellskredovervaking/varsel/velsemannen/

Les meir om Mannen og Veslemannen på:
www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/mannen