Skal styrke totalforsvaret - tar turen til Finland
Denne veka er det regionalt totalforsvarsmøte for Trøndelag og Møre og Romsdal. I år går møtet av stabelen i Helsinki, Finland.
– Vi har i oppdrag å styrke totalforsvaret. Dette møtet, som vi har ein gang i året, skal hjelpe oss til nettopp dette, fortel statsforvaltar Else-May Botten.
Gode på totalforsvar
I år er det Møre og Romsdal som har ansvaret for totalforsvarsmøtet. Ein gjeng på rundt 20 leiarar er no i Finland for å lære. Landet er kjent for å vere gode på totalforsvar.
– Vi vil både sjå og lære meir om korleis finnane tenker og arbeider med totalforsvar, fortel Botten.
Besøker tilfluktsrom
Mellom anna skal leiarane frå sivil- og militær sektor i dei to fylka få besøke tilfluktsrom, møte tryggleikskomiteen i forsvarsdepartementet og The European Centre of Excellence for Countering Hybrid Threats. Organiasjonen arbeider for å motvirke hybride truslar, særleg i EU og NATO.
– Vi tar denne turen for å styrke vår felles situasjonsforståing, og for å bli betre kjent med kvarandre. Målet er også betre samordning mellom sivile aktørar og forsvarssektoren på regionalt nivå, seier Botten.