Tilskot til ein nasjonal pilot for oppfølgingsteam i kommunane

Søknadsfrist:
25. mai 2018
Målgruppe:
Brukarar med store og samansette behov
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. april 2019

Mål for tilskotsordninga er å bidra til tenesteutvikling i kommunane som skal sikre tidleg identifisering og ein strukturert tverrfagleg oppfølging av brukarar med store og samansette behov.

Publisert 21.03.2018

 «Veileder for oppfølging av personer med store og sammensatte behov» vart publisert i november 2017. Den rettar seg til leiarar på alle nivå i verksemder som yte tenester til personar med store og samansette behov. Den utfordrar til tenesteutvikling med særskilt vekt på operasjonalisering av regelverket i «forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse – og omsorgstjenesten». Pilot for strukturert tverrfagleg oppfølgingsteam skal bidra til å implementere og teste ut rettleiaren i praksis og rettleiaren vert dermed lagt til grunn for arbeidet.

Eit viktig element i piloten er i tillegg å prøve ut verkty for risikokartlegging. Dette skal brukast til tidleg identifisering av brukarar med risiko for nye innleggingar på sjukehus og risiko for auka behov for kommunale helse – og omsorgstenester.

Oppstart av pilot er 1. sept. 2018 og er eit treårig løp.

Tilskot: 5,6 mill. kroner per år i pilotperioden. Sjå resiseringar i regelverket. I tillegg vert det gjeve 30 000 kroner per fastlege som deltar i piloten.

Formåle med piloten er: 

  • betre resultat for pasienten, gitt pasienten sine eigne mål
  • betre funksjon for pasienten (målt ved funksjonsmål) og betre eigenmeistring
  • betre pasientopplevd kvalitet
  • å førebyggje og/eller utsette behov for kommunale helse- og omsorgstenester
  • å redusere antall unødvendige sjukehusinnleggingar

Piloten skal gjennomførast i 5-7 kommunar. Kommunane skal leie forsøke lokalt. Fastlegane i kommunane har ei sentral rolle og det er ynskjeleg at flest muleg fastlegar deltar. Det er eit mål å ha med inntil 80 deltakande fastlegar i piloten. Vi forutsett at kommunen samarbeider med fastlegane i kommunen og med helseføretak om deltaking i piloten. Kommunar med mange fastlegar som ynskjer å delta vert sett på som positivt for deltaginga. 

Utviklingsarbeidet i piloten må leiast, forankrast og gjennomførast slik at det bidrar til endring i tenestene. Leiarar på alle nivå i kommunen er hovudaktørar i dette arbeide. 

Sluttbrukarar av tiltaka som skal prøvast ut i piloten, er personar med store og samansette behov uavhengig av alder og diagnose (jf. kap 2 i rettleiar).  Les meir på Helsedirektoraten si heimeside, sjå lenka til høgre.

Søknadsfrist:
25. mai 2018
Målgruppe:
Brukarar med store og samansette behov
Ansvarleg:
Helsedirektoratet
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. april 2019