Mellombels tilskot til dei sosiale tenestene i NAV-kontoret for å handtere konsekvensar av Covid-19
- Søknadsfrist:
- 1. september 2020
- Målgruppe:
- NAV-kontor i Møre og Romsdal
- Ansvarleg:
- Helse og sosialeavdelinga
- Kven kan søke:
- NAV-kontor i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 15. januar 2021
Det er no utlyst mellombels tilskot til dei sosiale tenestene i NAV-kontora. Formålet med tilskotsordninga er å støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit forventa auka behov for sosiale tenester som følgje av konsekvensar av utbrot av Covid -19.
Publisert 11.08.2020
Målgruppa for tilskotet er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, eller andre som treng hjelp til å vinne over ein vanskeleg eller forverra livssituasjon som følge av Covid-19.
Eit endra eller auka behov for sosiale tenester skal gjennom omstilling og nye arbeidsmåtar mellom anna:
- ta i vare personar med sosiale og samansette problem som spesielt blir ramma av konsekvensar av Covid -19
- auke innsatens for førebyggje langvarige økonomiske vanskar for personar og familiar som følgje av situasjonen med Covid-19
- ta i vare familiar med born og unge som blir spesielt ramma av konsekvensar av situasjonen med Covid-19.
For meir informasjon sjå fullstendig utlysningstekst i høgremenyen. Der finn du også regelverk og søknadsskjema
Søknadsfrist 1. september 2020
- Søknadsfrist:
- 1. september 2020
- Målgruppe:
- NAV-kontor i Møre og Romsdal
- Ansvarleg:
- Helse og sosialeavdelinga
- Kven kan søke:
- NAV-kontor i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 15. januar 2021