Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta 2021-2023
- Søknadsfrist:
- 31. desember 2020
- Målgruppe:
- Målgruppa er gravide og deira partnare, barselfamiliar, og barn og unge og deira familier.
- Ansvarleg:
- Helsedirektoratet
- Kven kan søke:
- Kommuner
- Rapporteringsfrist:
- 20. januar 2021
Det lysast ut midler for å styrke og utvikle kommunane sin helsestasjon- og skolehelseteneste. Målgruppa er gravide og deira partnarar, barselfamiliar, og barn og unge og familiane deira.
Finn heile utlysinga her:
https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/styrking-og-utvikling-av-helsestasjons-og-skolehelsetjenesten .
Avgrensa til kjernekompetanse og løn:
Det vert berre gitt tilskot til lønsrelaterte utgifter til høvesvis helsesjukepleiar, jordmor, lege, fysioterapeut, psykolog og administrativt støttepersonell (helsesekretær).
Avgrensa til lønstilskot:
Innretninga til tilskotsordninga endrast slik at tilskot berre kan nyttast til å dekke lønsrelaterte utgifter. Som lønsrelaterte utgifter reknast løn, feriepengar, arbeidsgivaravgift og andre utgifter som førast under artskonto 0 i Kostras kontoplan. I tillegg reknast kjøp av jordmorteneste frå helseføretak som lønsrelatert utgift.
Automatisk berekning av tilskot:
Søknadsbeløp reknast ut automatisk ut frå kva stillingsprosentar og fagressursar kommunen fyller ut. Grunnlag for utrekning av lønnsutgifter baserer seg på gjennomsnittsløn frå Det tekniske berekning- og statistikkutvalet for kommunesektoren, med eit påslag for administrative kostnadar.
Det blir gitt treårige tildelingar:
Kommunane får vedtak om tilskotsbeløp for 2021, og minimumsbeløp for tilskotsramme for 2022 og 2023, med atterhald om Stortingets framtidige løyving. Søknad om vidareføring for 2022 og 2023 opprettast automatisk av Helsedirektoratet.
Dersom kommunen ikkje har tenkt å søke friske midlar i 2021 skal det sendast ein søknad om overføring av eventuelt ubrukt tilskot per e-post til postmottak@helsedir.no. OBS: merk søknaden med saksnummer frå vedtaksbrev 2020.
Endringar i innretning av tilskotsordninga: Nytt regelverk frå 2021
Regjeringa har foreslått fleire endringar i tilskotet i sitt forslag til statsbudsjett. Nytt regelverk er utforma i tråd med dei føreslåtte endringane. Det tas atterhald om Stortingets behandling av Prop. 1S (2020-2021).
Rapportering
Rapportering for tilskotsåret 2020 gjerast via Altinn på ordinær måte. Delvis førehandsutfylt skjema sendast ut 15. januar.
- Søknadsfrist:
- 31. desember 2020
- Målgruppe:
- Målgruppa er gravide og deira partnare, barselfamiliar, og barn og unge og deira familier.
- Ansvarleg:
- Helsedirektoratet
- Kven kan søke:
- Kommuner
- Rapporteringsfrist:
- 20. januar 2021