Tilskot til barn og unge med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2022
- Målgruppe:
- Barn og unge med samansette tenestebehov
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Kven kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2023
Tilskotsordninga er etablert for styrke tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig, tilpassa og/eller samansett oppfølging
Tilskotet skal stimulere til heiskapelege tenester og forpliktande samhandling mellom ulike nivå og sektorar: mellom kommune og spesialisthelsetenester, mellom kommunale tenester og gjennom interkommunalt samarbeid.
Tenestetilbodet skal utviklast saman med brukarar/pasientar.
Ved søknad om tverrfaglege og oppsøkande behandlings- og oppfølgingsteam retta mot barn og unge og deira familiar (f.eks. etter modell av FACT-ung) og andre organisatoriske forpliktande samhandlingstiltak, skal det utarbeidast felles søknad og samarbeidsavtale mellom kommuna(r) og helseføretak. Når kommunar og helseføretak søkjer saman skal kommunen stå som hovedsøkjar. Søknaden bør da utarbeidast i fellesskap mellom deltakande kommunar og helseføretaket og underskrivast av begge partar.
Søknadfrist er 31. mars. Rapporteringsfrist for dei som hadde slikt tilskudd i 2021 er 14.mars. I høgremenyen finn du søknadsskjema, rapporteringsskjema og regelverk, samt lenke til Helsedirektoratet sine heimesider.
- Søknadsfrist:
- 31. mars 2022
- Målgruppe:
- Barn og unge med samansette tenestebehov
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Kven kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2023