Tilskot aktivitetstilbod til sjukeheim og omsorgsbustad med heildøgnsbemanning
- Søknadsfrist:
- 25. november 2022
- Målgruppe:
- Eldre personar som er langtidsbuande ved sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgns bemanning.
- Ansvarleg:
- Helse og sosial
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2023
Målet er å stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at personar i målgruppa får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste.
Publisert 07.11.2022
Kommunar kan søke midlar åleine, eller i samarbeid med privat, ideell og frivillig sektor. Søkarkommune står administrativt og økonomisk ansvarleg og tilskotet blir utbetalt til kommunen som er innvilga tilskotet.Det er berre søkarar med etablerte prosjekt som starta opp under pandemien og tilskotssfinansiert gjennom Tiltakspakke for sårbare eldre som kan søke.
Søknaden skal beskrive korleis dette prosjektet vil vidareførast. Den skal være poengtert og kortfatta. Sjå regelverk i høgre marg.
- Søknadsfrist:
- 25. november 2022
- Målgruppe:
- Eldre personar som er langtidsbuande ved sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgns bemanning.
- Ansvarleg:
- Helse og sosial
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2023