Tilskot kommunalt rusarbeid OVERGANGSORDNING
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2023
- Målgruppe:
- Personar med rusmiddelproblem i kommunane
- Ansvarleg:
- Helse og sosialavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2024
Tilskot til kommunalt rusarbeid skal avviklast til fordel for den nye ordninga som vart etablert i 2022. For å sikre dei kommunane som mottok tilskot til kommunalt rusarbeid i 2021 er det etablert ei overgangsordning. Dette tilskotet er kun for dei kommunane som kom med i ordninga i 2020 eller 2021.
Formålet med ordninga er varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusmiddelproblem.Overgangsordninga er laga for å sikre at kommunar som mottok tilskot etter tidlegare regelverk i 2021, kan søke om vidareføring av tilskot til stillingar, slik regelverket punkt 2 og 4 viser til. Søkarar som oppfyller kriteriane, får moglegheit til å fullføre tilskotsperioden på inntil fire år (2021-2024).
For 2023 innvilga beløp for 100% stillingkr 330 000 uavhengig av kor mange år dei har vore med i tilskotsordninga. (sjå regelverket pkt 4)
Tilskotsordninga vert lyst ut med atterhald om godkjenning av statsbudsjettet i Stortinget.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2023
- Målgruppe:
- Personar med rusmiddelproblem i kommunane
- Ansvarleg:
- Helse og sosialavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2024
Kontaktpersonar
-
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07