Kunngjering 2023: Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene på NAV-kontoret

Søknadsfrist:
1. februar 2023
Målgruppe:
Sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
NAV-kontora i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2024

Det er no utlyst tilskot til utvikling av sosiale tenester i NAV-kontora. Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle dei sosiale tenestene og tiltaka i kommunane etter sosialtenestelova.

Publisert 21.12.2022

Sosialtenestelova inngår i det samla velferdsansvaret til kommunane, og har som formål å bidra til:

  • å gi betre levekår for vanskelegstilte
  • sosial og økonomisk tryggleik ved at kvar enkelt får høve til å leve og bu sjølvstendig, og fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet
  • at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod
  • likeverd og likestilling og førebyggje sosiale problem

Det overordna målet med denne tilskotsordninga er å skape eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane. 

Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal innbyggjarane i kommunen oppleve auka kvalitet i tenestene, og dermed betre levekår. 

Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.

Følgjande utviklingsområde vil bli særskilt prioriterte i 2023:

  • Heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane
  • Arbeid med barnefamiliar, ungdom, innvandrarar og langtidsmottakarar av sosiale tenester
  • Sikring av sårbare overgangar som til dømes lauslating etter straffegjennomføring, overgang mellom utdanning og arbeidsliv, og mellom ulike tenester som barnevernet og NAV
  • Førebygging og/eller tidleg innsats

 

Vi vil som ein del av kommunen/kontoret si førebuing for å skrive søknad, oppfordre til å sjå «Mulighetenes lov», eit foredrag om føremålet med Lov om sosiale tenester (ca 9 min)

For meir informasjon sjå lenke til fullstendig utlysingstekst i høgremenyen.

Søknadsfrist:
1. februar 2023
Målgruppe:
Sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
NAV-kontora i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2024