Tilskot kommunalt rusarbeid 2023 - ny ordning
- Søknadsfrist:
- 5. mars 2023
- Målgruppe:
- Personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Kven kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2024
På vegne av Helsedirektoratet lyser Statsforvalteren ut tilskot til kommunalt rusarbeid - ny ordning for 2023. Tilskotet skal styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging.
Målet med tilskotet er å bidra til auka livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt liv for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande.
Tilbod som legg til rette for brukar- og pårørandemedverknad vil bli prioritert.
Små kommunar vert oppmoda om å vurdere interkommunalt samarbeid om utvikling av tilbod. Om ein skal samarbeid med andre aktørar, kan kommunen søkje om tilskot til å dekkje utgiftane for dei.
Kommunar som i 2023 har fått tilskot til kommunalt rusarbeid gjennom overgangsordninga, kan søkje om tilskot etter denne ordninga om det er nye tilbod dei vil utvikle.
Les meir om bakgrunn for tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet. Der finn det og lenke til elektonisk søknadsskjema som skal nyttast.
Det viktig at de gjer dykk godt kjende med det nye regelverket før de skriv søknaden. Regelverket ligg i høgremenyen.
Søknadsfrist er 5. mars 2023
Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til: hjelp@statsforvalteren.no
- Søknadsfrist:
- 5. mars 2023
- Målgruppe:
- Personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Kven kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2024
Kontaktpersonar
-
Ragnhild Naas
Tlf: 71 25 85 07