Verjemål

Oppdatert 08.07.2024

Personar som ikkje kan ta hand om interessene sine sjølv på grunn av skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting, kan få hjelp av ei verje. Ei slik ordning, eit verjemål, er frivillig og tilpassa ønska og behova til den som har verje. Det er statsforvaltaren som utnemner og følgjer opp verjene, og det er Sivilrettsforvaltninga som er sentral verjemålsmyndigheit.

Statsforvaltaren i fylket der du bur, har informasjon om telefontider, lokale kurs og rekruttering av nye verjer. Det er også statsforvaltaren som kan svare dersom du har spørsmål om ei konkret sak.

Vis meir

Se informasjon på vergemal.no

Vergemål (vergemal.no)

All informasjon om verjemål finn du no på denne sida, som gjeld verjemål over heile landet. 

Kontaktinformasjon til oss som behandlar saker i Møre og Romsdal, finn du i høgre marg på denne sida.  


Sist endra 11.06.2025

Uttak frå kapitalkonto før sommarferien

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har inntil tre veker sakshandsamingstid på søknader om uttak av pengar frå kapitalkonto som vert forvalte av oss.


Publisert 16.05.2025

Verjemålstelefonen får nye opningstider

Verjemålstelefonen vil vere open på måndagar og torsdagar frå klokka 12.00-14.00.


Publisert 18.12.2024

Frå overformynderi til å bestemme sjølv: Verjemål er eit frivillig støttetiltak tilpassa vår tid

Verdigrunnlaget i dagens verjemålslov er tett knytt opp mot menneskerettar, særleg dei som gjeld sjølvråderett og integritet.


Kontaktinformasjon

Telefontid:
Måndag og torsdag kl 12:00–14:00.


Telefon:
71 25 85 00

Grunna ferieavvikling vil verjemåls telefonen vere stengt i veke 30 og 31 (21.juli til 1.august). I denne perioda kan vi kontaktas ved bruk av sikker melding eller e-post. 

Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon til verjemål via Altinn: Sikker melding (verjemål).

E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Du bør likevel ikkje sende sensitiv informasjon via e-post: sfmrpost@statsforvalteren.no

Postadresse:
Postboks 2520
6404 Molde