Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta: Fleire studieplassar
Nytt opptak med fleire studieplassar til nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta. Søknadsfrist er 15. april 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.04.2016
God leiarskap er viktig for å styrke pasienttryggleiken og for å vidareutvikle dei kommunale tenestene innan helse, omsorg og tannhelse.
Helsedirektoratet har i samarbeid med KS gitt Handelshøyskolen BI i oppdrag å tilby utdanning i leiarkunnskap og innovasjon for helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta i kommunane/fylkeskommunane. Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla mastergradsstudium.
Les meir på Helsedirektoratet sine nettsider. Du finn lenka til høgre.