Asfaltverk på industriområde Kylles i Sandnes kommune

Høyringsfrist:
22. november 2016 23:30

Velde Produksjon AS har søkt om løyve til drift av asfaltverk på verksemda sin del av industriområde på Kylles.

Publisert 22.11.2016

Velde Produksjon AS har søkt Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova for drift av asfaltverk på eigedomen 9/7 i Sandnes kommune, besøksadresse Noredalsvegen 294, 4308 Sandnes. Asfaltverket er ein del av den samla industriverksemda til Veldeselskapa på industriområdet på Kylles.

Verksemda har i dag eit midlertidig løyve gjeldande til 31.12.2016, og må derfor søke om permanent løyve til fortsatt drift. Søknaden innebær ikkje vesentlege endringar i høve til eksisterande drift ved asfaltverket.

Frist for uttale er sett til 22. desember 2016. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn i lenkja i høgremargen.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.