Søknad om utfylling i sjø i Nordalsbotn i Karmøy kommune
- Høyringsfrist:
- 26. mai 2016
Statens Vegvesen, Region Vest søkjer om utfylling i sjø i Nordalsbotn, Karmøy kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø. I samband med utviding av Fv. 511 Bygnes – Søylebotn er det behov for ei fylling i sjø.
Bunnforholda i utfyllingsområdet er karakterisert av søkar som brun mudderbotn med organisk materiale, med innslag av grå silt/sand nokre stader. I følge prøvetaking er sedimenta i tiltaksområdet forureina med tungmetaller (opp til tilstandsklasse (TK) 4 - dårlig), polyklorerte bifenyler (PCB) (TK 3 - moderat), polyaromatiske hydrokarboner (PAH-forbindelser) og tributyltinn (TBT) (TK 5 - svært dårlig).
Grunnundersøking har vist ustabil grunn i utfyllingsområdet, og det vil derfor verta behov for sprengning i sjø. For å hindra spreiing av forureina sediment planlegg søkar å bruka siltgardin under utfyllingsarbeida. I eit eventuelt løyve kan det m.a. bli aktuelt å stilla ytterlegare krav til avbøtande tiltak for å hindra partikkelspreiing. Det vil bli satt krav til internkontroll, støykontroll og avfallshåndtering.
Det er ikkje registrert viktige marine naturtypar i direkte nærhet til tiltaksområdet.
Uttalar til søknaden kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er satt til 4 veker.
- Høyringsfrist:
- 26. mai 2016