Søknad om utfylling i sjø ved Langholmen i Eigersund kommune
- Høyringsfrist:
- 11. mars 2016
Bertelsen & Garpestad AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Langholmen i Eigersund kommune. Frist for å uttale seg om søknaden er 4 veker.
Fylkesmannen har mottatt ein søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 47/26 m.fl. Langholmen, Eigersund kommune. I samband med opparbeiding av tomta til industriføremål jf. reguleringsplanen, er det behov for utfylling i sjø mellom Langholmen og fastlandet.
Utfyllinga har til saman eit volum på 11 500 m³, og vil dekkja eit sjøbotnareal på 7 200 m².
I nærleiken av tiltaksområdet er det registrert eit lokalt viktig gytefelt for torsk, og det er bl. a. gjort fleire observasjonar av raudlista sjøfugl i området.
Undersøkingar av sjøbotn har påvist forureining av tributyltinn (TBT), polyaromatiske hydrokarbonar (PAH) og kopar (Cu) i utfyllingsområdet. Søkjar har fyrst planlagt å etablera 2 barrierar av reine steinmassar for å stengja av utfyllingsområdet. Deretter vil det bli fylt ut innanfor ein lukka barriere.
Det er også planlagt å nytta siltgardin under lukking av desse barrierane. For å redusere/hindre negativ påverknad på det lokale gytefeltet kan det bli aktuelt å stilla krav til at tiltaket ikkje kan gjennomførast i gyteperioden for torsk.
Uttalar til det omsøkte tiltaket kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er satt til 4 veker.