Søknad om utsett frist for minimum 70% energiutnyttingsgrad

Høyringsfrist:
6. mai 2016

Forus Energigjenvinning 2 AS søker om utsetjing av fastsett frist 01.01.2017 for minimum samla energiutnyttingsgrad på 70% for dei to forbrenningslinene ved Forus-anlegget.

Publisert 06.04.2016

Forus Energigjenvinning 2 AS søkjer om at krav om 70% energiutnyttingsgrad skal gjelda for rapporteringsåret 2023.

I høyringsbrevet varslar Fylkesmannen fastsetjing av krav om energiutnyttingsgrader på minimum 60% innan 01.01.2019 og 70% innan 01.01.2020. For kvar av fristane varslar Fylkesmannen fastsetjing av tvangsmulkter på 2,5 mill. kroner dersom fristane ikkje blir overhaldne.

Høyringsfrist er sett til 4 veker.