Fylkesmann Tora Aasland er utnemnd til leiar av Nasjonalkommisjon for UNESCO
Som tidligare forskings- og høgare utdanningsminister har Aasland eit særs godt grunnlag for å ta fatt på arbeidet i UNESCO. Ho nyt stor respekt innan forskings- og utdanningsmiljøa, og har relevant internasjonal erfaring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.01.2013
UNESCO er den einaste FN-organisasjonen som har konstitusjonsfesta at medlemslanda skal ha eit nært samrbeid med fagmiljøa. Konstitusjonen anbefaler at medlemslanda organiserer dette samarbeidet gjennom nasjonalkommisjonar.
Den nye kommisjonen har 12 medlemmer frå ulike fagmiljø og sivil sektor. Kommisjonens breide sammensetning skal reflektera UNESCO sine fire område: Utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon.