Regionalplan Jæren til departementet
Fylkesmannen har innvendingar mot to retningsliner som gjeld handelsetableringar på Forus i godkjent Regionalplan for Jæren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Retningslinene kjem i vesentleg konflikt med sjølve føremålet med regionalplanen, som er å styrke eksisterande by- og tettstadssentra, bidra til effektiv arealbruk og miljøvenleg transportval. Fylkesmannen oversender regionalplanen til departementet, og ber departementet ta desse to retningslinene ut av planen.
Fylkesmannen legg to retningsliner i Regionalplan Jæren fram for Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samsvar med plan- og bygningslova § 8-4 andre ledd, og ber departementet ta desse to retningslinene ut av regionalplanen. Dette gjeld retningsline 4.2 som opnar for ei regional/landsdelbasert handelsverksemd på Forus felt C, og retningsline 4.13 som opnar for å utvide eksisterande kjøpesentera på Forus innanfor ramma av gjeldande reguleringsplanar.
Regional planføresegn
Begge retningslinene Fylkesmannen har innvendingar mot, opnar for handelsetablering på Forus som unntak frå regional planføresegn. Regional planføresegn inneheld forbod mot nyetablering og utviding av handelsverksemd utanfor område sett av til senterføremål i kommuneplan/kommunedelplan. Forus ligg ikkje inne med senterføremål i gjeldande kommuneplanar for Stavanger, Sandnes og Sola. Begge retningslinene kjem derfor i motstrid med regional planføresegn.
Føremålet med regionalplanen
Begge retningslinene strir mot sjølve føremålet med regionalplanen, som er å styrke eksisterande by- og tettstadssentra, bidra til miljøvenlege transportval og unngå ei utvikling som fører til byspreiing. I regionalplanen er det vist til at hovudsentra Stavanger og Sandnes ikkje har styrka seg i tråd med fylkesdelplanen sine målsettingar, og at Forus- og Lura-området har hatt den største veksten i varehandelen. Ei slik utvikling har gitt auka transportarbeid, i hovudsak som auka bilbruk. Retningslinene vil svekke føremålet og hovudgrepet i forhold til senterstruktur og handel i regionalplanen ved at Forus- og Lura-området styrkar seg i forhold til Sandnes og Stavanger sentrum gjennom at det blir opna for vesentleg meir handel.
Nasjonal politikk
Retningslinene kjem i vesentleg konflikt med nasjonal politikk i forhold til samordna areal og transport, nedfelt i "Rikspolitiske retningslinjer for samordnet areal og transportplanlegging" frå 1993, og i vesentleg konflikt med nasjonal politikk for lokalisering av kjøpesenter: "Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre" frå 2008.