Heis flagg og blås opp ballongar!

Barnekonvensjonen er 25 år den 20. november. Fylkesmannen oppmodar skolar og barnehagar til å lage lokale arrangement for å markere dagen.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.10.2014

20. november 1989 var ein historisk dag. Då blei barnekonvensjonen vedteken av generalforsamlinga i FN. Nå er den internasjonale grunnlova til barna våre 25 år. Det må feirast!

Marker barn sine rettar!

Sjumilssteget – for god oppvekst i Rogaland oppmodar alle kommunar i Rogaland til å feira denne dagen, i barnehagar, skular, i lag eller organisasjonar som barn deltek i. La elevråd, ungdomsråd eller barna og ungdommen sine kommunestyre få høve til å feira grunnlova til ungane våre – FNs barnekonvensjon!

Kva er barnekonvensjonen?

Barn har rett til å gå på skole, rett til kvile, fritid og leik og rett til å seie si meining i alt som angår det. FNs barnekonvensjon inneheld 42 punkt som seier kva rettar alle barn har-

Konvensjonen sin status

Ingen annan menneskerettskonvensjon har så stor tilslutning i verda som denne. I 2003 vedtok Norge at barnekonvensjonen, utan reservasjonar, har rang over andre norske lover. Dette gir konvensjonen høg status i landet vårt.

Me har lett for å tenkja at me som bur i Norge følgjer barnekonvensjonen – at det er andre land den eigentleg gjeld for. Slik er det ikkje. Svært få vaksne kjenner innhaldet i konvensjonen, og læreplanane i grunnskolen seier lite om han. Dermed er kjennskapen til barna si grunnlov liten blant dei unge.

Heis flagget, blås opp ballongar og marker dagen!

Fylkesmannen i Rogaland og Sjumilssteget – for god oppvekst i Rogaland, har eit sterkt ønske om å bidra til å auka kunnskapen om barnekonvensjonen i Rogaland. Difor inviterer me alle til å feira 25-årsdagen til konvensjonen den 20. november 2014.

Ta utfordringa

Lag lokale arrangement i barnehagar og i skular om barnekonvensjonen for å markera denne dagen!

Undervisningopplegg

Du finn gode idear og undervisningsopplegg om barnekonvensjonen på http://www.unicef.no/undervisning

Sang om barn sine rettar

Eivind Pedersen og Odd Fredriksen har laga ein sang om barna sine rettar 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.