Kronerulling til TV-aksjonen
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa var vertskap for den store ringestafetten til inntekt for TV-aksjonen i dag. 100 næringslivstoppar og politikarar ringte lokale bedrifter for å få dei til å bidra.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Og det blir rapportert om stor givarglede blant bedriftene i Rogaland. Det er Kirkens Nødhjelp som får pengane frå TV-aksjonen i år, og dei innsamla millionane skal gå til å sikra éin million menneske varig tilgang til reint vatn i åtte ulike land rundt om i verda.
Dei tilsette hos Fylkesmannen i Rogaland håper alle bedrifter og offentlege etatar vil bidra til TV-aksjonen. Dei siste dagane har dei sjølv samla inn pengar slik at Kleppa kunne overlevera 11.600 kroner til det viktige føremålet i dag.
Sjølve TV-aksjonen er ikkje før søndag, så ta vel i mot bøsseberarane!