Fordjupningskurs i snakkemedbarn.no

RVTS og Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland inviterer til digital samling den 17. februar 2022, for fagpersonar som ønskjer auka kompetanse om undervisningsmoglegheitene som ligg i nettportalen snakkemedbarn.no.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2022

Målgruppa for kurset er tilsette i alle tenester som jobber med barn og unge i Vestland og Rogaland, for eksempel skule, barnehage, kommunehelseteneste, barnevern og spesialisthelseteneste. Fagdagen er eit tilbod til alle som kjenner snakkemedbarn.no eller på andre måtar er trygge på samtalar med barn.

Mange har tidlegare delteke på innføringskurs om barnesamtalar, knytt til nettsida snakkemedbarn.no. Samlinga den 17. februar er eit tilbod til fagpersonar som underviser om samtalar med barn, og som tidlegare har delteke på grunnkurs om nettsida. Samlinga vert arrangert i Teams, og det blir lagt til rette for spørsmål, dialog og erfaringsutveksling.

På samlinga vil vi:

  • Gjer djupdykk i nettsida snakkemedbarn.no
  • Gjennomgå opplæringsressursane som ligg på nettsida
  • Dele erfaringar knytt til undervisning med bruk av nettsida
  • Utveksle idear knytt til kompetanseheving, implementering og moglegheiter
  • Bli kjent med andre som er opptekne av tema
  • Kunne bli ein snakkefadder

Du finn meir informasjon om kurset og påmelding på RVTS sine nettsider. Det vil også kome fleire kurstilbod om samtalar med barn i 2022, som du kan lese meir om her.

https://www.statsforvalteren.no/nn/Rogaland/Kurs-og-konferansar/2022/02/fordjupningskurs-i-snakkemedbarn.no/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.