Valdsførebyggande verktøy i barnehage og skole

Statsforvaltaren i Rogaland samarbeider med Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) om implementering og informasjon av dei digitale valdsførebyggande verktøya «Snakke med» og «Jeg vet» i barnehage og skule. Målgruppa er  alle tilsette som i sitt arbeid snakkar med barn, skole- og barnehageleiing samt tilsette som legg til rette for kommunen sitt arbeid med valdsførebygging, t.d i kommunen sitt planarbeid mot vald.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.05.2021

Om samarbeidet

Statsforvaltaren og den statlege organisasjonen RVTS Vest har felles oppdrag retta mot valdsforebygging i Rogaland. For å sikre barn og unge gode tenester jobbar vi saman og tverrfagleg. Dette samarbeidet er ein av arbeidet vårt med å støtta kommunane i deira arbeid med kommunale handlingsplanar mot vald. Dei valdsforebyggjande verktøya «Snakke med» og «Jeg vet» kan vera ein del av det systematiske førebyggande arbeidet til kommunen.

Å snakke med barn

Barn og unge har ein lovfesta rett til å bli høyrt gjennom Barnekonvensjonen art. 12. Vi har lagt bak oss eit år kor barn og unge tidvis har vore borte frå arenaer kor dei kunne snakka med vaksne som høyrde dei.

JLK FotoPandemien har gjort dei utsette enda meir sårbare og risikoutsette barn kan ha opplevd vald i nære relasjonar som følgje av belastninga omsorgspersonar har vert utsett for. Tilvisingar til BUP har auka og pasientane er sjukare og yngre enn dei var tidlegare.

Alle som jobbar med barn til dagleg kan forebygge, avdekke og følge opp barn, utsette barn eller barn i risiko. Da må vi både snakka med barna og om barna i profesjonsfellesskapet.

For å høyre barn si stemme må dei som snakkar med barn trene seg på barnesamtalen for å bygga kompetanse og ferdigheiter. Dei tilsette som arbeider med barn må vere klare når barn opnar seg og vil snakke. Samstundes må dei vite  korleis dei kan legge til rette for den viktige samtalen.

Gjennom dei digitale verktøya «Snakke med» og «Jeg vet» får den enkelte trene seg på ulike innfallsvinklar på å snakka med barn. Det blir også lagt opp til refleksjon rundt eigne reaksjonar dersom barn seier eller fortel noko som utfordrar oss personleg. Nettressursane inneheld også ulikt materiell til bruk på personal- og avdelingsmøte. RVTS Vest har den faglege kompetansen og formidlar bruken av verktøya til vaksne som skal snakka med barn, men og til kommunar som  jobbar systematisk med førebygging av vald for sine innbyggarar.

Samarbeidet omfattar mellom anna

  • Webinar 08 juni regi RVTS Vest- introduksjonskurs om Snakke med barn
  • Webinar Del 1 i september regi Statsforvaltaren kor RVTS står for fagleg innhald (dato kjem).
  • Webinar Del 2 i oktober regi Statsforvaltaren kor RVTS står for fagleg innhald (dato kjem).

Med atterhald om endringar.

Praktisk informasjon om webinar 8. juni

Tid: 8. juni, kl. 9-14 

Pris: Dei første 200 som melder seg på får delta gratis, deretter er prisen 200 kroner

Målgruppe: Tilsette i kommunen og fylkeskommunen som jobbar med barn, ungdom, mellom anna helsesjukepleiarar, lærarar, tilsette i kommunale helse- og omsorgsteneste, representantar for elevorganisasjonar og kommuneleiing.

Påmelding: Via arrangør RVTS Vest innan 01.06.2021.

Lenker:

https://www.jegvet.no/

https://www.snakkemedbarn.no/

https://www.rvtsvest.no/

https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kilde/bfd/bro/2004/0004/ddd/pdfv/178931-fns_barnekonvensjon.pdf

https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.