Pålegg om hjelpetiltak i barnevernet
Frå 1. april 2016 har fylkesnemnda fått utvida høve til å pålegge barn og familiar ulike hjelpetiltak i barnevernet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.04.2016
Hovudreglen er fortsatt at hjelpetiltak skal vere frivillige for barn og foreldre. Der barnevernet vurderer at det er nødvendig for å sikre barnet god nok omsorg, kan fylkesnemnda gi pålegg om ulike hjelpetiltak som opphald i barnehage, meldeplikt og urinprøvetaking ved mistanke om rusmiddelmisbruk samt foreldrerettleiing i og utanfor sentre for foreldre og barn. Foreldre vil i slike saker ha rett til fri rettshjelp.