Tilsyn med undersøkingar i barnevernet - Dalane Barnevern og Indre Ryfylke Barnevern
Fylkesmannen har i 2017 gjennomført tilsyn med barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar i Dalane barnevern og Indre Ryfylke Barnevern. Begge er interkommunale barneverntenester.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I tilsynet har vi mellom anna undersøkt:
- om undersøkinga skjer i samsvar med regelverket
- om barn og unge har fått medverke i eiga sak
- om kommunen styrer tenesta i samsvar med «Forskrift om internkontroll for kommunens oppgåver etter lov om barneverntenester».
Fylkesmannen fann avvik i begge tenestene. Avvika i begge kommunane var knytt til styring og at ein ikkje sikrar at lovkrava er oppfylte i alle saker.
Rapportane etter tilsyna kan du lese her.