Politiattest i barnehagen

Alle som skal arbeide i barnehage, må levere politiattest. Dette gjeld både faste og mellombelse tilsetjingar, og personar som skal arbeide i barnehagen i kortare periodar – også under 14 dagar.

Sist endra 04.07.2025

Kravet om politiattest skal bidra til å sikre at barn i barnehagen får ein trygg og sikker kvardag. Dette er i tråd med barnehagelova og forskrift om politiattest i barnehagar.

Kven må levere politiattest?

  • Alle som blir fast tilsette i barnehagen.
  • Vikarar og mellombelse tilsette.
  • Studentar og elevar som skal ha praksis i barnehagen.

Korleis søkjer ein om politiattest?

Den som skal tilsetjast, får ei stadfesting frå barnehagen på at politiattest er kravd.

Søknad om politiattest blir sendt digitalt via politiet sine nettsider:

Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader ved tilsetjing. Attesten skal ikkje innehalde meir informasjon enn det som er relevant for å vurdere om personen er eigna til arbeid i barnehage.

Les meir her:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.