Inviterer alle lokalpolitikarar til informasjonsmøte på nyåret
Møta blir arrangert regionvis i 2020. Dei nye kommunestyra har ennå ikkje konstituert seg, men fylkesmann Lone M. Solheim inviterer alt nå til tidleg dialog og godt samarbeid.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Me har også invitert Rogaland fylkeskommune til desse møta. KS inviterer til eigne samlingar.
Det er ei viktig oppgåve for Fylkesmannen å gi kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen er også bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggarar.
– Derfor er det avgjerande for oss å ha god kontakt i det daglege, både på politisk og administrativt nivå, seier fylkesmann Lone M. Solheim.
Råd og rettleiing – men også kontroll og tilsyn
I tillegg til å gi råd og rettleiing er Fylkesmannen kontroll- og tilsynsmynde på fleire kommunale område. Me skal syta for rettstryggleiken til den enkelte innbyggar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggande prinsipp som likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet er sikra.
Både politikarar og administrasjon er velkomne
Målet med dei regionale samlingane er å gi både nye og meir erfarne folkevalde nyttig informasjon om Fylkesmannen sitt arbeid på dei fagområda som kommunane har ansvaret for.
Tilsette i kommuneadministrasjonane er også velkomne til møta.
Stad | Dato | Frist for påmelding | Lenke til påmelding |
Dalane (Lund, Sokndal, Eigersund, Bjerkreim) Grand Hotell Egersund |
21. januar 2020 | 20. november 2019 | For påmelding klikk her |
Jæren (Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time, Hå) Bryne Kro & Hotell |
6. februar 2020 | 20. desember 2019 | For påmelding klikk her |
Ryfylke (Strand, Hjelmeland, Sauda, Suldal) Sauda Folkets Hus |
3. mars 2020 | 8. januar 2020 | For påmelding trykk her |
Haugalandet (Haugesund, Karmøy, Utsira, Tysvær, Bokn, Vindafjord) Scandic Maritim, Haugesund |
11. mars 2020 | 8. januar 2020 | For påmelding trykk her |
Nord-Jæren (Stavanger, Sola, Randaberg, Kvitsøy) Clarion Hotel Energy, Stavanger |
31. mars 2020 | 28. januar 2020 | For påmelding klikk her |
Enkelte lurer nok på korfor Sandnes ikkje er ført opp under Nord-Jæren-møtet. Årsaka er at møta følger inndelinga til regionråda. Sandnes er med i Jærrådet.