139 skal feira norsk statsborgarskap
Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 15. juni. Dei kjem frå 52 nasjonar og bur i 19 rogalandskommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er Fylkesmannen i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.
Ein staseleg festdag
Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar seremonien. Lubna Jaffery frå IMDi er årets hovudtalar.
19 kommunar i Rogaland er representerte i år
Dei 139 festklare statsborgarane bur i 19 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 360 festdeltakarar i Kuppelhallen.
Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar møter også.
Tid/stad
Laurdag 15. juni 2019 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.
Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 19 kommunane
| Eigersund | 1 |
| Finnøy | 1 |
| Gjesdal | 2 |
| Haugesund | 10 |
| Hjelmeland | 1 |
| Hå | 2 |
| Karmøy | 6 |
| Klepp | 2 |
| Randaberg | 5 |
| Rennesøy | 5 |
| Sandnes | 28 |
| Sauda | 1 |
| Sokndal | 1 |
| Sola | 6 |
| Stavanger | 63 |
| Strand | 2 |
| Time | 1 |
| Utsira | 1 |
| Vindafjord | 1 |