Utviklinga i norsk kosthald
Kvart år gir Helsedirektoratet ut nye tal om matvareforbruk og næringsinnhald i kosten. Tal for 2011 ligg no føre. Det er verd å merke seg at vi har ei positiv utvikling på fleire område, men framleis har vi store utfordringar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Over tid har det skjedd ei positiv utvikling i det norske kosthaldet. Forbruket av frukt og grønsaker har auka monaleg, medan bruk av sukker har gått ned dei siste ti åra. Frå midten av 1970-åra og fram til byrjinga av 1990-talet minska fettinnhaldet i kosten. Samansetninga av fettsyrer endra seg i ønska retning ved at innhaldet av metta fettsyrer og transfett gjekk ned. I seinare år ser vi dessverre at denne gunstige utviklinga har stoppa opp.
Store utfordringar
Kosten er viktig for å hindre utvikling av ulike sjukdomar. Medan færre dør av hjerteinfarkt har vi framleis auke i førekomst av fedme, kreft og type 2- diabetes.
Det er ei utfordring å få opp forbruket av grønsaker, frukt og bær enno meir, samt at konsum av grove kornprodukt og fisk aukar. Bruk av sukker, salt og metta fett bør ned. Saman med meir fysisk aktivitet vil slike kostendringar bidra til å redusere førekomsten av overvekt og fedme, kreft, hjartesjukdom og type 2-diabetes.