Svikt i tenestetilbodet til personar med utviklingshemming
Fylkesmennene gjennomførte i 2016 landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming. Det blei påvist lovbrot i 79 prosent av dei undersøkte kommunane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmennene har undersøkt om kommunane, gjennom systematisk styring og leiing, sikrar at personar over 18 år med utviklingshemming - og som bur i eigen eigd eller leigd bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.
Svak styring og høgt risikonivå
Fylkesmennene fann lovbrot i 45 av dei 57 kommunane som hadde tilsyn. Tilsynet har avdekka at tenestene i mange av kommunane var prega av svak styring og høgt risikonivå, og at det blei avdekka svikt med potensielt alvorlege konsekvensar for tenestemottakaren sin livskvalitet og helse.
Rapportane finn du under "Dokument" i denne nettsaka.