Møt den nye fylkeslegen – og finn ut kva ein fylkeslege eigentleg gjer

Kaisa Earl Haugland byrja i jobben 1. juni. Ho ønskjer å bidra til betre kvalitet, pasienttryggleik og tillit til helse- og omsorgstenestene.

Kaisa Earl Haugland er ny fylkeslege hos Statsforvaltaren i Rogaland. Men kva betyr eigentleg det? Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla.

Publisert 26.06.2026

Kva gjer ein fylkeslege?

Fylkeslegen skal bidra til at innbyggjarane får trygge og gode helse- og omsorgstenester. Vi behandlar mellom anna klager, fører tilsyn med helse- og omsorgstenestene og samarbeider med kommunar, sjukehus og andre helseaktørar for å bidra til kvalitet og pasienttryggleik.

Kvifor finst fylkeslegen?

Alle innbyggjarar skal kunne stole på at dei får trygge og forsvarlege helse- og omsorgstenester – uavhengig av kvar dei bur. Fylkeslegen skal bidra til at lovverket blir følgt, at feil blir retta opp, og at helse- og omsorgstenestene lærer og blir betre.

Når og korleis kan fylkeslegen hjelpe meg?

Du kan ta kontakt med Statsforvaltaren dersom du meiner du ikkje har fått dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på, eller ønskjer å klage på helsehjelp eller kommunale helse- og omsorgstenester.

Fylkeslegen behandlar òg alvorlege hendingar i helsetenesta og fører tilsyn når det er nødvendig. Målet er ikkje å finne syndebukkar, men å bidra til læring, betre tenester og større tryggleik for pasientane.

Er fylkeslegen legen min?

Nei. Fylkeslegen behandlar ikkje pasientar og gir ikkje medisinsk behandling. Rolla handlar om å bidra til at helse- og omsorgstenestene fungerer godt, følgjer lovverket og gir forsvarleg helsehjelp til alle innbyggjarar.

Kven er den nye fylkeslegen?

Kaisa Earl Haugland er oppvaksen i Stavanger og har arbeidd som assisterande fylkeslege hos Statsforvaltaren sidan 2021. Ho er utdanna lege og er i spesialisering i samfunnsmedisin.

Ho har tidlegare arbeidd ved Stavanger universitetssjukehus, i allmennmedisin og i Legeforeininga. Ho er særleg oppteken av korleis helsetenestene fungerer på systemnivå, og ønskjer å bidra til betre kvalitet, pasienttryggleik og tillit til helse- og omsorgstenestene.

Kva blir viktig framover?

Helsetenestene står overfor store utfordringar dei komande åra. Vi blir fleire eldre, det er mangel på helsepersonell fleire stader, og ressursane må brukast godt. For fylkeslegen blir det viktig å bidra til at helse- og omsorgstenestene held høg kvalitet, samarbeider godt og gir innbyggjarane trygge og forsvarlege tenester.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.