Søknad om endra løyve for biogassanlegg på Grødaland

Høyringsfrist:
28. september 2018

IVAR IKS søkjer om å gjere endringar i løyve etter forurensningslova §11, jf. §16 for biogassanlegget på Grødaland i Hå kommune, forbrenningsdel.

Publisert 14.08.2018

Det er søkt om desse endringane:

  • Auke i kapasiteten på forbrenningsovnen til biogassanlegget frå 2 MW til 10 MW. Halvparten av energien er tenkt tilført fjernvarmenett i området

  • Endre brensel: berre bruke returtrevirke, ikkje biorest

  • Bioresten skal nyttast til mellom anna jordproduksjon. Biorest er produktet som er att etter at biogassen er produsert

Det blir endringar i mellom anna trafikken i området. Det er utarbeidd ei oppdatert konsekvensutgreiing.

Sjå høyringsdokumenta i lenkene til denne nettsaka.

Merknader skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 28. september 2018.