Tildeling av midlar til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt 2015

Fylkesmannen har fordelt 4,4 millionar kroner av skjønsmidlane for 2015 til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt, etter søknader frå kommunane. Ni kommunar har fått midlar til 14 prosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.07.2015

Tildelinga gjeld følgjande kommunar og prosjekt:

Kommune

Prosjekt

Tilskot kr

 

Eigersund

«Heltidskultur i Egersund kommune»

300 000

 

Sandnes

«Innovasjonsprosjektet i Sandnes»

500 000

 

Stavanger

«Styringsinformasjon helse og omsorg»

300 000

 

 

«Frisklivssentralen under lupen»

400 000

 

 

«Levekårsløft på Storhaug»

250 000

 

Haugesund

«Haugesund 2020»

400 000

 

Klepp

«Å læra frå unge som ikkje fullfører v.g.o.»

500 000

 
 

«Frivillig innsats»

300 000

 

Gjesdal

«Forbedring, fornying og innovasjon»

210 000

 

Sola

Innovasjonskonferanse

40 000

 
 

«Forenkling, forbedring og fornying i Sola kommune»

400 000

 

Rennesøy  

«Familiepakke for fleirspråklege

200 000

 

Karmøy

Utgreiing av interkommunal legevakt»

400 000

 

 

«Sammen om en nærværskultur»

200 000

 

 

Sum

4 400 000

 

Samla søknadssum ligg på 22 mill. kr. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Om bakgrunnen og omtale elles av denne ordninga viser vi til brev til kommunane av 3. mars 2015 og omtale på nettsidene våre.

Vi minner elles om at søknadsfrist for ordinært skjønnstilskot for 2016 er 31. august.

Nedanfor følgjer ein kort omtale av prosjekta som får støtte.

Eigersund kommune får kr 300 000 til siste året i prosjektet «Heltidskultur i Eigersund kommune». Målet er å unngå uønska deltid, i første omgang i helse- og omsorg, og å trekkja på erfaringar her i dei andre avdelingane. Prosjektet er også eit ledd i utviklingsprogrammet «Saman om ein betre kommune» i regi av KMD.

Sandnes kommune får kr 500 000 til «Innovasjonsprosjektet i Sandnes». Målet er å oppnå eit kompetanseløft på innovasjon, fornying og implementering og å etablera ein innovasjonskultur, vidare kartlegging og igangsetjing av konkrete prosjekt og tiltak.

Stavanger kommune får kr 300 000 til prosjektet «Styringsinformasjon omstilling og innovasjon innen helse og omsorg», som er ei oppfølging av eit prosjekt frå 2012. Prosjektet heng saman med satsinga «Leve HELE LIVET 2.0» der  «Hverdagsmestring» er eit nytt delprosjekt.

Kommunen får også kr 400 000 til «Frisklivssentralen under lupen» som er eit forskingsprosjekt om utvikling og evaluering av nye helsetenester, dvs. ein studie av motivasjon og endring av helseåtferd innan kosthald og fysisk aktivitet.

Stavanger får vidare kr 250 000 til «Levekårsløft på Storhaug» som er eit heilskapleg bu- og nærmiljøutviklingsprosjekt. Levekårsløftet skal organiserast som eit «på-tvers-prosjekt» mellom ulike kommunale einingar og lokale aktørar.

Haugesund  kommune får kr 400 000 til prosjektet «Haugesund 2020» der organisasjons-utvikling, leiarroller og kulturbygging i ein krevjande omstillingsprosess står sentralt.

Klepp kommune er tildelt kr 500 000 til prosjektet «Å læra frå unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring». Gjennom intervjuing og andre tiltak skal ein utvikla kunnskapsbasert praksis på feltet.

Klepp får også kr 300 000 til prosjektet «Frivillig innsats», der ein skal utvikla tettare samarbeid mellom kommunen og frivillige innan helse og velferd.

Gjesdal  kommune er tildelt  kr 210 000 til «Forbedring, fornying og innovasjon», der utvikling av forbetringskultur står sentralt.

Sola  kommune får kr 40 000 til utvikling av den årlege innovasjonskonferansen kommunen er hovudarrangør for, vidare kr 400 000 til prosjektet «Forenkling, forbedring og fornying i Sola kommune». Det skal arbeidast med innovasjonskultur og –metodikk, i tillegg til konkrete problemstillingar.

Rennesøy kommune får kr 200 000 til prosjektet «Familiepakke for fleirspråklege», der målet er tidleg innsats for å oppnå god integrering.

Karmøy  kommune er tildelt kr 400 000 til utgreiing av interkommunal legevakt for kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Utsira og Sveio. Målet er å gi ei samla fagleg framstilling av ei framtidsretta legevakt for desse kommunane.

Karmøy får også kr 200 000 til prosjektet «Sammen om en nærværskultur» der ein skal arbeida med førebygging, tidleg innsats og oppfølging av sjukemelde i helse- og omsorgsetaten, m.a. gjennom oppretting av eit nærværsutval.

Tidlegare i år er det tildelt midlar til desse prosjekta:

Stavanger kommune kr 400 000 til prosjektet: «gjennomføring, testing og nyttiggjøring av en innovativ offentlig anskaffelsesmetode» (signalanlegg for Lervig sykehjem),

Sauda kr 200 000 til prosjektet «Lean i ledelse i Sauda kommune». Gjennom målretta arbeid med Lean-metodikk håpar ein å kunna skapa betydeleg betre tilhøve for medarbeidardriven utvikling.

Tysvær kommune kr 400 000 til eit Velferdsteknologi-prosjekt i regi av Haugaland Vekst. Prosjektet omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Sveio, Tysvær, Utsira og Vindafjord.

Samla tildeling av prosjektmidlar for i år er dermed 5,4 mill. kr.

For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.

Vi gjer elles merksam på at midlane vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KRD sine nettsider.

Samstundes med tildelinga av prosjektmidlar er Kvitsøy kommune tildelt kr 200 000 og Utsira kommune kr 500 000 på grunnlag av særlege utgiftsbehov. Vidare er Bokn kommune tildelt kr 100 000 i samband med kommunereforma, i likskap med dei andre kommunane som har fått midlar tidlegare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.