Tildeling av midlar til kommunale innovasjons- og utviklingssprosjekt 2014

Fylkesmannen har fordelt kr 4,73 mill kr  av skjønsmidla for 2014 til kommunale prosjekt for innovasjon og utvikling, etter søknader frå kommunane. 11 kommunar har fått midlar, 18 kommunar om ein reknar med samarbeidskommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.07.2014

Tildelinga gjeld følgjande kommunar og prosjekt:

Kommune

Prosjekt

Tilskot kr

 

Saman med

Eigersund

Heltidskultur

200 000

 

 

 

Velferdsteknologi

300 000

   
 

FoU-prosjektet «Sammen om en aktiv hverdag»

350 000

 

Karmøy

Sandnes

Innovasjonsprosjekt

400 000

   

Demokrati og innbyggjarinvolvering

400 000

   

Time

Kvardagsrehabilitering/heimetrening

300 000

   

Klepp

Organisasjonsbygging for framtidsretta og berekraftige tenester

200 000

   

Gjesdal

Heltidskultur og helhet

200 000

   

Sola

Innovasjonskonferanse

30 000

   
 

Innovasjon i Sola kommune

400 000

   

Strand

Strand 2050

200 000

   
 

Utdanna innvandrarar til helsearbeidarar

350 000

 

Hjelmeland, Forsand

 

Vidareføring velferdsteknologi

300 000

 

Hjelmeland, Forsand

Suldal

Interkommunalt helsesamarbeid

400 000

 

Etne, Sauda, Vindafj.

Rennesøy  

Metodeverkty for kompetanseanalyse

300 000

 

Finnøy

 

Fagsenter for tidleg innsats barn

200 000

   

Tysvær

Tverrfagleg samhandling for barn og unge

200 000

 

 

 

Sum

4 730 000

   

Samla søknadssum ligg på over 12 mill. kr. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Om bakgrunnen og omtale elles av denne ordninga viser vi til brev til kommunane av 18. februar 2014 og omtale på nettsidene.

Vi minner elles om at søknadsfrist for ordinært skjønnstilskot for 2015 er 29. august.

I fleire av  prosjekta er det ein kommune som søkjer på vegne av fleire. Tilskotet blir utbetalt til ein av kommunane, gjennom rammetilskotet. Nedanfor følgjer ein kort omtale av prosjekta som får støtte.

Eigersund kommune får kr 200 000 til prosjektet «Heltidskultur i Eigersund kommune». Målet er å unngå uønska deltid, i første omgang i helse- og omsorg, og å trekkja på erfaringar her i dei andre avdelingane. Prosjektet er også eit ledd i utviklingsprogrammet «Saman om ein betre kommune» i regi av KMD.

Kommunen får også kr 300 000 til prosjektet «Velferdsteknologi». Prosjektet skal auka kompetansen innan feltet, etablera demonstrasjonsbustad og prøva ut ny tryggleiksteknologi.

Eigersund får vidare, saman med Karmøy kommune, kr 350 000 til FoU-prosjektet «Sammen om en aktiv hverdag». Diakonhjemmet Høgskole i Sandnes  og forskningsinstituttet NOVA er samarbeidspartnarar og prosjektet skal auka kunnskapsnivået på feltet heimerehabilitering.

Sandnes kommune får kr 400 000 til eit innovasjonsprosjekt. Målet er å oppnå eit kompetanseløft på innovasjon og etablering av ein innovasjonskultur som skal bidra til betre tenester ut frå konkrete behov.

 kommune får kr 400 000 til demokrati og innbyggjarinvolvering. Prosjektet går ut på å testa ut ulike former for innbyggjarinvolvering, særleg utnytting av ny teknologi i dialogen mellom kommune og innbyggjar.

Time kommune er tildelt kr 300 000 til kvardagsrehabilitering / heimetrening i regi av eit tverrfagleg team og med sikte på iverksetjing i ordinær drift frå 2016.

Klepp  kommune får kr 200 000 til prosjektet «Organisasjonsbygging for framtidsretta og berekraftige tenester». Ein ønskjer å finna meir effektive måtar å organisera og gi tenester på, samstundes som tenestene skal vera av høg kvalitet.

Gjesdal  kommune får kr 200 000 til «Heltidskultur og helhet i Gjesdal kommune». Prosjektet skal utvikla heiltidskultur, auka innovasjonskompetansen og fremja samhandling på tvers i organisasjonen.

Sola  kommune får kr 30 000 til utvikling av den årlege innovasjonskonferansen kommunen arrangerer saman med KS, vidare kr 400 000 til prosjektet «Innovasjon i Sola kommune» der målet er å finna nye løysingar på innbyggjarane sine behov, og skapa auka brukarverdi for innbyggjarane og Solasamfunnet.

Strand kommune er tildelt kr 200 000 til prosjektet «Strand2050» som skal vera ein prosess for val av langsiktige strategiar for utviklinga i kommunen, noko som særleg er aktualisert av nye samferdselsløysingar og vekstimpulsane dette gir.

Strand får også kr 350 000 saman med Forsand og Hjelmeland til eit prosjekt der målet er å utdanna innvandrarar til helsearbeidarar. Dette vil kunna betra rekrutteringa av helsefagarbeidarar og auka sysselsetjinga av innvandrarar.

Strand er vidare saman med Forsand og Hjelmeland tildelt kr 300 000 til vidareføring av eit prosjekt om velferdsteknologi. I samarbeid med ei gruppe brukarar skal ein testa ut tryggleikspakkar for å hausta erfaringar for eventuell innføring i full skala.

Suldal kommune, saman med kommunane Vindafjord, Etne og Sauda, får kr 400 000 til interkommunalt helsesamarbeid. Samarbeidet inneber m.a. interkommunal legevakt og avstandane gjer at det trengst avbøtande tiltak, m.a. innan telemedisin og velferdsteknologi, kompetanseoppbygging m.v.

Rennesøy kommune, saman med Finnøy, får kr 300 000 til prosjektet «Metodeverkty for kompetanseanalyse» med eit mål om å innføra, setja i verk og syta for etterleving av dette verktyet.

Rennesøy får vidare kr 200 000  til prosjektet «Fagsenter i Rennesøy kommune», der ein skal driva tverrfaglege tenester for barn med vekt på tidleg innsats, i ein prøveperiode på to år.

Tysvær kommune er tildelt kr 200 000 til «Tverrfagleg samhandling for barn og unge». Praksis for samhandling, internt og i høve til friviljuge lag og organisasjonar, skal systematiserast og dokumenterast, med utgangspunkt i den danske modellen «Bedre tverrfaglig innsats» (BTI).

For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom  spreiing av kunnskap. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.

Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KRD sine nettsider.

Samstundes med tildelinga av prosjektmidlar er Lund kommune tildelt kr 400 000 og Kvitsøy kr 200 000 på grunnlag av særlege utgiftsbehov.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.