Tildeling av midlar til innovasjonsprosjekt 2018 – 2.runde
Det er fordelt 2,18 mill. kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt. Dette kjem i tillegg til 3,67 mill. kr som blei fordelt i juni. Midlane går til tre nye prosjekt og som tilleggsløyving til fem av dei som fekk midlar i juni.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
idlegare i år tildelte vi midlar til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 1. runde. Det blei haldt av ein reserve på 3,38 mill. som blir tildelt i denne runden. Restpotten er fordelt med kr 1 200 000 som tillegg til prosjekt som fekk midlar i 1. runde og kr 980 000 til nye prosjekt, vidare kr 1 200 000 til to kommunar på generelt grunnlag. Desse prosjekta har fått midlar:
Kommune | Prosjekt | Tillegg | Ny |
Sandnes | Fleksibel avlastning | 100 000 | |
På gulvet | 150 000 | ||
Kvalitetsheving av bygningsinformasjon i matrikkelen | 200 000 | ||
Stavanger | Utprøving av IKART - InterKommunalt Ambulant RehabiliteringsTeam | 630 000 | |
Hå | Innsida ut – digital dialog: raskare og enklare kontakt og tenester | 150 000 | |
Time | Styrke samarbeidet med frivilligheten | 150 000 | |
Sola | Samskaping og Digitalisering | 600 000 | |
Tysvær | Implementering av velferdsteknologi i Haugaland Vekst kommunene | 200 000 | |
sum | 1 200 000 | 980 000 |
Samla søknadssum ligg på ca. 14 mill. kr. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Meir om ordninga her og på KMD sine nettsider.
Nærare om dei nye prosjekta:
Sandnes kommune får kr 150 000 til prosjektet «På gulvet» som går ut på å utvikla og dokumentera ein praktisk rettleiingsmetodikk for foreldre i vanskelege barnevernssaker. Prosjektet fekk også midlar i 2017.
Sandnes får også kr 200 000 til «Kvalitetsheving av bygningsinformasjon i matrikkelen». Målet er å få betre kvalitet på matrikkeldata, noko som gir betre grunnlag for tenesteutøving og mulighet til å digitalisera tenester.
Stavanger kommune får kr 630 000 til «Utprøving av IKART- InterKommunalt Ambulant RehabiliteringsTeam». Formålet er ambulant klinisk oppfølging av yngre brukarar med store og samansette behov. Kommunane i nedslagsfelt til Helse Stavanger HF er med på prosjektet.
Kontaktpersonar nye prosjekt (dei som også fekk i juni står i nettsaka som blei lagt ut då):
Kommune | Prosjekt | Kontaktperson |
Sandnes | På gulvet | Arild Heskje |
Kvalitetsheving av bygningsinformasjon i matrikkelen | Åge Djuve | |
Stavanger | Utprøving av IKART - InterKommunalt Ambulant RehabiliteringsTeam | Bente Gunnarshaug |