Lovlegkontroll: Sokndal må gjennomføra nyval av formannskap
Fylkesmannen opphevar kommunestyrets vedtak om val av formannskap for perioden 2019-2023. Kravet til kjønnsbalanse på den eine lista var ikkje oppfylt «så langt det er mulig».
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Når Fylkesmannen nå opphevar valet, må kommunestyret møtast for å gjera nyval før formannskapet på nytt kan treffa vedtak.
Må velja formanskap på ny
Det neste formannskapsmøtet er 3. februar 2020. Neste planlagte kommunestyremøte er 17. februar. Kommunestyret må enten innkallast til eit ekstraordinært møte for å velja formannskap på ny, i samsvar med kommunelovas krav, i forkant av møtet den 3. februar 2020, eller utsetta møtet i formannskapet til kommunestyret har foretatt nyval.
Bakgrunnen og grunngjevinga vår for å oppheva valet av formannskap i Sokndal, finn du i det vedlagte brevet til kommunen.
Kontaktpersonar
-
Monica Nessa
Tlf: 51 56 88 71 / 48 12 68 47