Kommuneopplegget for 2017 - tilleggsinformasjon
Vi får spørsmål om nærare spesifikasjon av ein del element som ligg i kommuneopplegget, dvs. kommunevise beløp for oppgåvekorreksjonane som ligg i vekstberekningane og kor mykje dei ulike satsingane i frie inntekter utgjer for kvar kommune.
1) Meir detaljerte bakgrunnsberekningar for tabell 3-k i Grønt hefte
Vedlagde tabell (sjå høgremenyen) viser meir spesifiserte tal for oppgåvekorreksjonane som blir brukt når ein reknar på vekst frå 2016 til 2017. KMD skriv i ein kommentar om desse tala:
«I vekstberegningene (tabell 3) gjør vi et anslag på hvordan de ulike oppgavekorreksjonene (sakene omtalt i tabellen på s. 144 i Grønt hefte) er fordelt per kommune. De fleste av disse korreksjonene gjøres etter kostnadsnøkkelen i 2017, slik at vi korrigerer ut effekten av oppgaveendringen når vi beregner veksten (disse sakene skal ikke påvirke veksten til kommunene, siden oppgavekorreksjoner ikke er en del av veksten). Så bakgrunnstabellen til tabell 3 viser kun hvordan vi har gjort korreksjonene i tabell 3, ikke hvordan de ulike sakene er trukket ut fra/lagt inn i rammetilskuddet.
Den spesifikke fordelingen av hver enkelt oppgavekorreksjon (tillegg eller uttrekk) er ikke vist i grønt hefte, eller i bakgrunnstabellen til tabell 3. Vi justerer kostnadsnøkkelen for de ulike oppgavekorreksjonene, slik at for eksempel midlene som er lagt inn til aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakere vil være fordelt til den enkelte kommune etter delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp.»
Det er elles viktig å merkja seg at skatteinntektene for kvar kommune blir framskrivne for 2016 og 2017 med same prosentsats i høve til 2015, slik at ein må justera for lokale utslag.
2) Satsingane i dei frie inntektene
Det heiter at veksten i kommunesektorens frie inntekter er grunngitt med m. a. følgjande satsingar:
- 300 mill. til opptrappingsplan for rusfeltet, fordelt etter delkostnadsnøkkel for sosialhjelp. Dette kjem i tillegg til 400 mill. kr som satsing gjennom dei frie inntektene i 2016.
- 100 mill. til opptrappingsplan for rehabilitering og habilitering, fordelt etter delkostnadsnøkkel for helse
- 150 mill. til tidleg innsats i grunnskulen, fordelt etter delkostnadsnøkkel for grunnskule
- 50 mill. til auka satsing på helsestasjon og skulehelsetenesta. Dette kjem i tillegg til om lag 670 mill. kr som ligg inne frå før. Fordelt etter talet på innb. 0-19 år med eit minstenivå på 100 000 pr. kommune. Denne fordelinga står i tab.3-k i Grønt hefte, dvs. summen på 734,4 mill.
Sidan det i det samla tilskotssummen ligg inne ei fordeling etter kostnadsnøklane av desse satsingane, let det seg gjera å berekna beløp for kvar kommune. Departementet ønskjer for sin del ikkje å senda ut slike berekningar sidan det dreier seg om ein del av dei frie inntektene, og det kan tolkast som ein fasit for kva beløp kommunen skal bruka til formålet. Men sidan det som nemnt lar seg gjera å rekna på dette, legg vi for vår del fram desse tala, men presiserer at det ikkje er bindingar her.
Det er viktig å merkja seg at på ein del av desse felta er det også øyremerka midlar.