Fordeling av ekstra skjønnstilskot til smittevern etter ny ekstra fordeling
I slutten av november 2020 kunngjorde Fylkesmannen ekstra skjønntilskot til smittevern og TISK-oppfølging som følgje av utbrot av covid-19. Vi har no fordelt 41 mill. kroner ut til kommunane i Rogaland, med atterhald om Stortinget si behandling av Prop. 48 S.
Skjønnstilskotet er fordelt til kommunane i Rogaland slik det kjem fram av tabellen under:
Kommunenr |
Kommunenavn |
Skjønn i heile kroner |
1101 |
Eigersund |
1 500 000 |
1103 |
Stavanger |
15 000 000 |
1106 |
Haugesund |
4 000 000 |
1108 |
Sandnes |
9 000 000 |
1111 |
Sokndal |
400 000 |
1112 |
Lund |
0 |
1114 |
Bjerkreim |
0 |
1119 |
Hå |
0 |
1120 |
Klepp |
0 |
1121 |
Time |
1 000 000 |
1122 |
Gjesdal |
1 500 000 |
1124 |
Sola |
0 |
1127 |
Randaberg |
0 |
1130 |
Strand |
1 500 000 |
1133 |
Hjelmeland |
700 000 |
1134 |
Suldal |
0 |
1135 |
Sauda |
1 500 000 |
1144 |
Kvitsøy |
0 |
1145 |
Bokn |
0 |
1146 |
Tysvær |
1 500 000 |
1149 |
Karmøy |
0 |
1151 |
Utsira |
0 |
1160 |
Vindafjord |
3 400 000 |
|
Sum Rogaland |
41 000 000 |
Om fordelinga
I samsvar med retningslinjer gitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal fordelinga av skjønnstilskotet rettes mot dei kommunane med dei høgaste utgiftene til smittevern og oppfølging av TISK-strategien som følgje av utbrot av covid-19 per innbyggar. Kostnadene per innbyggar er ikkje ein indikator som åleine er representativ for behovet for skjønnstilskot, men har i fordelinga vore ei rettesnor for fordelinga av tilskot.
For å få ein mest mogleg rettferdig og riktig fordeling har vi i tillegg brukt informasjon om talet på smitta i kommunane, saman med vår kunnskap om kva kommunar som har hatt store eller ressurskrevjande utbrot. Fordelinga er òg sett i samanheng med tidlegare fordelingar av skjønnstilskot, og i kor stor grad kommunane er kompenserte for sine koronarelaterte meirkostnader. Kommunar som har berekna at dei er fullt ut kompenserte for sine meirkostnadar har ikkje fått skjønnstilskot. Vi har gjort unntak for enkelte kommunar som har store kostnadar knytt til oppfølging av TISK-strategien ved større virusutbrot, i tråd med fordeling av skjønnstilskot til TISK ved førre fordeling.
Nokre kommunar har bedt Fylkesmannen om å grunngje kva delar av søknadene vi imøtekjem og med kva beløp. For Strand kommune er 500 000 tildelt refusjon for kostnader til smittevern i private barnehagar. Utover dette vil ikkje Fylkesmannen legge rammar for kva type kostnader til smittevern kommunane skal bruke skjønnstilskotet på.
Problemstillingar knytt til vurdering av skjønnstilskot
I søknadene melder fleire kommunar om ulike problemstillingar knytt til vurdering av kostnadene. Dette inkluderer mellom anna korleis vurdere reduksjon i skatteinntekter som følgje av virusutbrotet, korleis handtera indirekte kostnader som følgje av omdisponering av ressursar og økt press på tenestene, og planlagde effektiviseringstiltak som ikkje har blitt satt i gang. Fylkesmannen har ikkje tatt omsyn til indirekte kostnader utover reduserte skatteinntekter i fordelinga, men har vidareformidla problemstillingane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Kontaktpersonar
-
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87