Færre raude og gule kommunar i Rogaland - men tre slit framleis økonomisk
Rekneskapstala for 2025 viser ei positiv endring fra året før for rogalandskommunane. Fleire grøne kommunar, og auke i handlingsrommet samla sett i fylket. Likevel er det også i årets analyse nokre kommunar som er gule og røde i KS sin analyse av økonomisk handlingsrom.
KS gjør kvart år ei analyse av kommunane sitt økonomiske handlingsrom. Nytt i år er at KS har utvikla ein meir visuell modell for å sjå resultata. Nå kan ein i tillegg til å sjå siste rekneskapstal óg sjå historiske tal for enkeltkommunar, og fargekart på fylkes- og landsnivå. Den nye modellen ble oppdatert 24. juni 2026 med dei endelege rekneskapstala. Den finn du her.
Eit grønare Rogaland - men framleis utfordringar
Etter fleire år med ein negativ trend der kommunane har fått mindre og mindre handlingsrom viser rekneskapstala for 2025 ei bedring i økonomien i Rogaland. Det er likevel slik at demografiendringar og strammere økonomiske rammer preger også kommunane her i fylket. Ein aldrende befolkning, med kraftig auke i antall eldre samtidig som barnetallet faller og andelen yrkesaktive går ned, innebærer at kommunane må vri ressursar frå oppvekstsektoren til helse- og omsorgstenester. Denne ressursvridninga er imidlertid krevjande å gjennomføre i praksis, blant anna fordi tenester, bygg og kompetanse ikkje enkelt kan omdisponeres, og fordi nedskalering av skuler og barnehagar ofte møter politisk og lokal motstand.
I fjorårets analyse av rekneskapstal frå 2024 hadde Rogaland 4 raude og 5 gule kommunar. Dette blei av KS omtalt som eit "kriseår for kommuneøkonomien" kor 58 % av landets kommunar endte året med eit negativt driftsresultat (KS sin nettartikkel i fjor). Rogaland skilte seg ut og hadde 14 grøne kommunar sjølv om dette var eit vanskeleg år også for kommunane her.
I årets analyse har fylket no 2 raude kommunar og 1 gul kommune. Fylket har vært og er framleis det fylket i landet med størst andel grøne kommunar.
Strand kommune er raud kommune for tredje året på rad, med ein handlingsromsindeks på 0,62 i årets måling. Det er likevel ei bedring i indeksen frå -1,55 i fjor. Dette skyldes at Strand i 2025 har eit betydeleg betre driftsresultat og ein liten nedgang i gjeld i prosent av driftsinntektene. Kommunen ligger samla sett framleis lågt på indeksen og har eit disposisjonsfond på kun 2,6 % av netto driftsresultat.
Haugesund kommune er raud kommune for andre året på rad, med ein handlingsromsindeks på 0,92 i årets måling. Også Haugesund har noe høgare indeks enn året før, men på lik linje med Strand kommune har også Haugesund brukt av disposisjonsfondet sitt.
Randaberg kommune har gått frå å være raud kommune til å bli gul kommune. Dei har ein handlingsromsindeks på 1,13. Randaberg har i fleire år ligget i grensen mellom å vere raud eller gul i desse målingane. Kommunen har i 2025 betre driftsresultat, lågare gjeld og samtidig styrka disposisjonsfondet sitt samanlikna med tal frå året før.
Det er ikkje berre dei kommunane med minst økonomisk handlingsrom som har betre resultater enn i fjor. Av dei grøne kommunane har dei fleste høgare handlingsromsindeks enn i fjor. Kun fem kommunar går ned i indeksverdi - Sokndal, Bjerkreim, Tysvær, Utsira og Sauda.
Oversikt over økonomisk handlingsrom for kommunene i Rogaland
| Kommune | Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetninger i prosent av driftsinntekter | Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringsfond i prosent av driftsinntekter | Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir/mindreforbruk i prosent av driftsinntekter | Handlingsrom indeks |
| STRAND | 1,5 | 101,8 | 2,6 | 0,62 |
| HAUGESUND | 0,5 | 84,3 | 5,8 | 0,92 |
| RANDABERG | 1,7 | 92,5 | 5,2 | 1,13 |
| KARMØY | 0,9 | 65,6 | 12,7 | 2,14 |
| SANDNES | 2,5 | 69,0 | 10,5 | 2,38 |
| STAVANGER | 2,5 | 69,0 | 12,9 | 2,63 |
| TIME | 3,9 | 80,7 | 10,6 | 2,67 |
| GJESDAL | 3,3 | 75,1 | 12,3 | 2,74 |
| SOKNDAL | 1,1 | 54,0 | 19,8 | 3,21 |
| SOLA | 4,2 | 59,8 | 11,6 | 3,22 |
| LUND | 5,8 | 47,8 | 10,6 | 3,85 |
| EIGERSUND | 5,0 | 82,8 | 18,6 | 3,89 |
| HÅ | 4,5 | 69,5 | 23,5 | 4,48 |
| KLEPP | 5,8 | 73,7 | 20,9 | 4,54 |
| BOKN | 2,7 | 78,1 | 31,4 | 4,62 |
| UTSIRA | 0,7 | 70,0 | 36,9 | 4,71 |
| BJERKREIM | 5,7 | 66,4 | 25,0 | 5,11 |
| VINDAFJORD | 4,9 | 52,9 | 25,7 | 5,12 |
| TYSVÆR | 5,6 | 103,1 | 33,4 | 5,40 |
| HJELMELAND | 13,1 | 75,7 | 30,6 | 8,03 |
| SAUDA | 6,7 | 65,5 | 52,8 | 8,54 |
| KVITSØY | 7,2 | -39,4 | 48,2 | 9,94 |
| SULDAL | 19,0 | 38,3 | 61,7 | 14,15 |
Korleis vurderes økonomisk handlingsrom?
KS har utvikla ein indeks for å gje eit heilskapleg bilete av kommunane sitt økonomiske handlingsrom. Indeksen er basert på desse rekneskapstala:
- Netto driftsresultat etter netto bundne fondsavsetningar
- Netto lånegjeld trekt frå ubundne fondsavsetningar
- Disposisjonsfond inkludert samla meirforbruk i driftsrekneskapen som må dekkast inn seinare.
Disposisjonsfond er overskot frå tidlegare år som kommunen kan nytte til å dekkje eit eventuelt meirforbruk i eit rekneskapsår.
Basert på desse tre indikatorane deler KS kommunane inn i tre kategoriar:
- Avgrensa økonomisk handlingsrom – indeks under 1: Raudt
- Moderat økonomisk handlingsrom – indeks mellom 1 og 2: Gult
- Større økonomisk handlingsrom – indeks over 2: Grønt
Kontaktpersonar